Skigard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skigard i Småland

Ein skigard er eit enkelt gjerde laga av trestaurar og kløyvde skier, mest av gran.

To og to staurar vert sette i bakken på kvar side av gjerdelinja, ein hovudstaur og ein hjelpestaur. Hovudstaurane er om lag 5-7 cm tjukke ved rota, 2 til 3 m lange og spissa i nedre enden. Hjelpestaurane er 4 - 5 cm tjukke og 1,5 til 2 m lange. Mange stader var det ein alen (om lag 63 cm) mellom staurpara, men andre stader kunne avstanden vera større, opptil 3 alen.

Staurparet vert bunde saman med mjuke vidjeband av vier, selje, bjørk eller svei av småvaksen gran. I moderne tid er ståltråd meir vanleg. På minst to av desse surringane kviler dei skråstilte, langsgåande skiene, tradisjonelt av kløyvd gran, eller i nyare tid ofte av bord eller bakhon.

Skiene er gjerne frå 3 til 3,5 m lange. Dei vert kløyvde av seinvaksen gran med rotmål kring 20 cm eller mindre. Emnet vert først kløyvd i to med kilar av lauvtre, deretter vert kvar halvkløyving kløyvd vidare til mindre skier. Av nedre lengda kan ein få 12 eller fleire skier. Nedre enden av kvar skie kviler på bakken. Vanleg vinkel med terrenget er 1 : 3 eller om lag 15-20 grader. Det bør vera minst 4-5 skier i høgda, men ikkje fleire enn 8-10 i den 1,10 m høge skigarden, høg nok til at dyr ikkje kjem over og tett nok til at småfe ikkje kjem igjennom. Overkanten av skigarden skal helst vera bein og fylgje terrengforma.

Å setje opp ein skigard var enkelt, men krevjande. Bruk av uimpregnert trevirke og kontakt med jord gjorde at ein måtte gjere vedlikehald jamleg. Skigarden vart ofte lågare og delvis roten nokre stader. Materiala pleidde å vere tilgjengelege på same stad som gjerdet, så ein kunne lett hogge seg nytt.

Som gjerdetype har skigard truleg vore i bruk frå [[forhistorisk tid] av. Han vart avløyst av enklare gjerdetypar som var lettare å halde ved like, som ståltråd og netting, men er no teke i bruk som pyntegjerde i staden for stakitt, gjerne i miljø der det passar inn.

Den engelske presten Richard Carter Smith vitja Noreg i 1838 og skildra gjerdetypen slik (han laga også ei skisse i margen):

«Det er en ting som støter øyet i alle norske landskap, nemlig den uskjønne måten man innhegner eiendommene på, her hvor man ikke bruker hekker. Jeg sier uttrykkelig eiendommer og ikke jorder, for de omslutter store landområder, der det gror mange slags vekster, uten at det er noe skille mellom dem. Disse grenseskjellene er laget av smått tømmer, som blir vraket når skogen hogges, og delvis av de ytterste plankene av større tømmerstokker. Disse blir lagt skrått på hverandre, dog uten at de helt berører hverandre, og med ca. 10 fots mellomrom blir så to små peler (fra 7 til 10 fot høye) satt loddrett ned i bakken. Mellom disse plasseres deretter de skrålagte plankene og blir feste til pelene således (se margillustrasjon). Skråplankene legges omtrent til brysthøyde, og finnes i alle lengder og fasonger. Pelene rager inntil 5-6 fot over dem. Det hele har et ynkelig, tarvelig og uskjønt preg, noe som forsterkes fordi gjerdene sjelden står helt oppreist og er fulle av råtne bord. Prisen er ca. 3 d. pr tylft, hvis bordene blir lagt på den beskrevne måten, vil en tylft kunne gjerde inn ca. 20 fot grunn. Pelene råtner lett, og hver vår må de slås lenger ned i bakken. Det er av denne grunnen de ikke blir saget over i jevn høyde. Over klipper legger man lange vedskier med hull til å feste pelene i.»[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Borgen, Bjørn Emil: En skigard bli[r] til. Oslo, Norsk Folkemuseum 1991.
  • Kirkhusmo, Anders: Skigard - Virke, verk og vøling. Oslo, Norges byggforskningsinstitutt 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Smith, Richard Carter: Reise i Norge 1838. (Omsett frå handskrive manuskript.) Universitetsforlaget 1976, s.34