Skigardsvise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Skigardsvise» er ei kjend norsk vise med tekst av Stanley Jacobsen[1] med melodi av Finn Ludt. Melodien er opphavleg henta frå Arnljot Eggens «Brakkevise».

Skigardsvisa vart skriven i 1974 til revyen Kutt-i-kula på den dåverande Landbrukshøgskolen på Ås (Uka i Ås), og slo godt an. Etter suksessen på revyen meinte Josef G. Larssen, som var i forfattarkollegiet som skreiv tekstar til revyen, at Stanley måtte gi ut songen på plate. Det første opptaket vart gjort heime hos Josef G. Larsen. Dette var starten på eit langt musikalsk samarbeid mellom Stanley Jacobsen og Josef G. Larssen; Stanley gav sidan ut meir enn 60 songtekster skrivne av Josef. Den mest kjende av desse var Imorgon Imorgon, men ikkje i dag. Stanley Jacobsen gjorde sidan Skigardsvisa kjent over heile landet.

Tematikk[endre | endre wikiteksten]

Tematikken har gjort visa til ein klassikar, og er å rekne som protestvise. Ho har vore mykje nytta i radikale miljø. Visa tek, som tittelen seier, utgangspunkt i ein skigard, men denne skigarden blir snart metafor for ei rekkje andre typar stengsel, fordomar av ulike slag. Gjennom heile visa går omkvedet at «ein skigard kan kje vara evig, veit du», ein frase som har gått inn i norsk språkbruk. Skigardsmetaforen er nytta både om indre og ytre stengsel, psykologiske som politiske: fordomar, raseskilje, hat, misunning, aversjon, landegrenser, klasseskilje, krig.

Moralen i visa er at ein kan klive ein skigard «om du vil».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]