Skiljemynt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skiljemynt er mynt som er tvunge betalingsmiddel berre for avgrensa summar. Den tida pengeverdien var knytt til ein metallverdi, hadde skiljemynten ikkje nødvendigvis full metallverdi. I Noreg gjaldt det koparmynt og sølvmynt med verdi opptil to kroner.

I Noreg, Sverige og Danmark vart det som avtalt i den skandinaviske myntunionen i perioden 1875 til 1923 prega skiljemynt med einsarta utforming. Denne skiljemynten var i avgrensa mengder gyldige i alle konvensjonslanda. Frå 1924 vart det også prega særskiljemynt med hol, denne var gyldig berre i utmyntingslandet.

I Noreg vert det ikkje lenger utmynta hovudmynt med gullverdi lik pålydande, og all mynt er i praksis skiljemynt. Ved kjøp og sal er ingen pålagde å ta imot meir enn 25 myntar av kvar verdi.

Når verdien på metallet ikkje tilsvarar myntverdien, kan slik skiljemynt òg bli kalla kredittmynt. Det gjeld nesten all mynt som blir prega i dag. Motsatsen er verdimynt, der myntverdien tilsvarar metallverdien.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]