Skipskanal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei sluse i Panamakanalen.
Foto: Stan Shebs

Ein skipskanal er ein kunstig vassveg over land som er konstruert for å late havgåande fartøy ta seg fram for eiga maskinkraft. Han kan vere ei kanalisert elv, eller han kan vere konstruert spesielt for skipstrafikk. Vasstanden vert halden konstant med hjelp av sluser.

Ein kanal må vere minimum 5 meter djup for å reknast som skipskanal, grunnare kanalar er kanalar for lekterar og lasteprammar.

Føremåla med kanalar kan vere:

  1. Å korte ned lengda på ei transportrute, eller å gjere ruta tryggare.
  2. Å opprette ein vassveg mellom to innsjøar eller hav som elles er innelukka.
  3. Å gje byar i innlandet direkte tilgang til havet.
  4. Å opprette ein økonomisk attraktiv alternativ transportveg.

Nokre viktige skipskanalar i verda:

  1. Kvitehavskanalen i Russland, 227 km lang, opna i 1933, er dels ei kanalisert elv, dels ein kunstig kanal og dels naturlege innsjøar.
  2. Suezkanalen i Egypt, 160 km lang, opna i 1869, forbind Middelhavet med Raudehavet.
  3. Volga-Donkanalen i Russland, 100 km lang, opna i 1952, bind saman Svartehavet, Azovsjøen, og Kaspihavet.
  4. Kielkanalen i Tyskland, 98 km lang, opna i 1895. Forkortar ruta mellom Nordsjøen og Det baltiske havet.
  5. Houston skipskanal i USA, 91 km lang, bind saman Houston, Texas til Mexicogolfen.
  6. Alphonse XIII-kanalen i Spania, 85 km lang, opna i 1926, mest ei kanalisert elv. Forbind Sevilla til Cadizgolfen.
  7. Panamakanalen i Panama, 82 km lang, opna i 1914. Forbind the Det karibiske havet med Stillehavet, opprettar ein snarveg.
  8. Manchester skipskanal i England, 57 km lang, opna i 1894. Forbind Manchester med Irskesjøen.
  9. Wellandkanalen i Canada, 45 km lang, opna i 1931. Forbind Lake Erie med Lake Ontario er ein del av Saint Lawrence-kanalen.
  10. Saint Lawrence-kanalen i Canada og i USA. Forbind Montreal med Lake Superior.
  11. Rhein-Main-Donau-kanalen

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]