Skipsspor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kan tydeleg sjå skipsspor som linjer i desse skyene over Atlanterhavet på austkysten av USA.

Skipsspor er skyer som vert danna som resultat av eksosen skip slepp ut i havlufta. I eksosen er det ørsmå partiklar (aerosolar) som framstår som kondensasjonskjerner for vassdamp. Meir og meir vassdamp vil kondensere på desse partiklane til ein kan sjå ei synleg sky. Desse partiklane vert strekt ut over lange og smale område der vinden bles bort skipseksosen, og resultatet er skyer i lange striper over havet.

Studiar[endre | endre wikiteksten]

Forskarar som studerer korleis menneskeproduserte aerosolar påverkar danninga av skyer, studerer som regel skipsspor fordi det i urbane strøk er verre å avgjere nøyaktig korleis forureining medverkar til skydanning sidan atmosfæren er meir samanrørt over land. Skip slepp ut eksos i relativt rein og roleg marin luft, der forskarar lettare kan måle effekten av fossilt brensel på skydanning.

I hovudsak vert lufta over havet mindre turbulent og har mindre konveksjon (vertikale luftrørsler) enn lufta over land. Den lågare atmosfæren er særleg roleg over det austlege Stillehavet om sommaren på grunn av lag med varm luft 500 til 700 m over havområdet. Denne effekten skapar ein temperaturinversjon, som dannar eit lok over den kaldare lufta under, og stenger dermed forureining og vassdamp inne i laget. Dette fører til at skipsspor kan vare i dagevis.

Resultat av forsking[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne ut at svoveldioksid som er slept ut av skip kan danne svovelpartiklar i atmosfæren, som fører til skyer med større refleksjonsevne, større vassinnhald og mogelegvis mindre nedbør.

Sjølv om skipsspora av og til er synlege, ser forskarane på det nær-infraraude lyset som kjem frå desse skyene. Ved desse bølgjelengdene trer skipsspora fram som lyse linjer som er lette å skilje frå skyer som har oppstått naturleg i omgivnadane. Som regel vil ei forureina sky i tillegg reflektere meir sollys enn naturlege skyer.

Talet på vassdropar per kubikkcentimeter i skipsspor er meir enn dobbelt så stort som for normale skyer. Radiusen på dropane er om lag 6 % mindre og mengda vatn per kubikkmeter er dobla. Normalt oppstår regn ved at skydropar koaleserer til dei vert så store og tunge at dei fell mot bakken. Dropane i skipsspor er derimot så små, og har dermed så stor overflatespenning, at dropane ikkje smeltar saman like lett, og det vert mykje vanskelegare å oppnå storleiken som skal til for dropane kan falle mot bakken. Derfor er det lite nedbør frå denne typen skyer, og skyene virkar lysare med større refleksjonsevne, særleg i den nær-infraraude delen av spekteret.

Implikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Studiet av skipsspor kan forklare eit par av klimamysteria i verda, t.d. kvifor global oppvarming påverkar den sørlege halvkula mykje raskare enn den nordlege. Den dominerande hypotesen i forskingsmiljøa er at danninga av aerosolar er mykje større på den nordlege halvkula enn på den sørlege og dette fører til auka skydekke, og mindre global oppvarming som følgje av drivhuseffekten (global dimming)

Utslepp av svoveldioksid frå industrien kan til ein viss grad motverke drivhuseffekten som er skapt av karbondioksid. Når fossilt brensel brenn, vil både karbondioksid og svoveldioksid verte frigjeve. Svovelpartiklar skapar lysare skyer, som på den måten avkjøler atmosfæren ved å reflektere meir sollys, og minke oppvarming av jordoverflata. Dette betyr igjen at mindre varme vert fanga i atmosfæren av karbondioksid og andre drivhusgassar i atmosfæren.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]