Skisse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skisser av ein isbjørn.
Karikaturteiknaren Sem (Georges Goursat, 1863-1934) sine skisser av den franske poeten og dandyen Robert de Montesquiou frå 1891.

Skisse er ein enkel, foreløpig eller raskt utført plan, teikning eller utkast (kladd).[1] Å skissera noko kan visa til å antyda hovudlinjene i ein plan eller idé i korte trekk. Det kan også visa til å rissa opp linjer som grunnlag for eit bilde, oftast med blyant eller penn. For mange kunstnarar kan det vera vanleg å samla idéar og inntrykk i ei skisseblokk.

Innan bildekunst kan ei skisse vera ein raskt utført teikning som kan vera del av planlegginga av eit meir forseggjort kunstverk som eit måleri eller ein skulptur,[1] men kan også visa til eit raskt teikna ferdig bilde. Innan arkitektur kan ordet også brukast om den ferdige arkitektteikningen. Innan musikk er ei skisse eit forslag til ein komposisjon. Innan litteratur kan ho vera ei kortfatta skriftleg framstilling av ein situasjon eller ein rask disposisjon, og er nært i slekt med novella.[2]

Skisser i bildekunst[endre | endre wikiteksten]

Ein rask, skisseprega teikning kan antyda ei stemning eller situasjon, og er blitt mykje brukt til illustrasjonar, vitseteikningar og karikaturar.

Studie med kolstift av José Malhoa.

Ei mer inngåande teikning eller øving til eit større arbeid eller til ein detalj i eit anna verk blir ofte kalla ein studie.[1] Slike førebuande skisser og studiar til kjente kunstnarar har i ettertid ofte blitt vurdert som sjølvstendige kunstverk.

Frå og med renessansen er teikning blitt delt inn etter ferdigheitsgraden:

  1. Pensiero (tanke) – eit laust idéutkast.
  2. Schizzo (skisse) – ei meir utarbeidd figurteikning.
  3. Studie (studie) – med finare detaljar
  4. Disegno (teikning) - samanfatting av dei tre tidlegare gradene.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Skisse» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 15. april 2015.
  2. «Skisse: litteratur» (15. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 15. april 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skisse