Skisseblokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skisseblokk og blyant.

Ei skisseblokk er ei bok eller ei blokk med blanke sider for skissering som kan brukast av kunstnarar for å teikne eller måle som ein del av den kreative prosessen deira.[1]

Skissebøker kjem i ei rekkje former og storleikar, med varierte omslag, og ulike tal med sider. Skissebøker byrja som ein måte å gje ei lett tilgjengeleg tilførsel av teiknepapir i praktisk form av ei bok. Datateknologi har gjort det mogleg å utvikle digitale skissebøker.

Ein kan bruka skissebøker på ulike måtar. Ei utstilling ved Fogg Art Museum ved Harvard University i 2006 peikte ut to hovudkategoriar for skisser: Observasjonar som går ut på å dokumentera verda ein ser, til dømes reiseskisser, naturstudiar og daglege inntrykk, og oppfinningar som følgjer dei indre tankane og idéane til kunstnaren.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sketchbook» i Wiktionary.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Digitaliserte skissebøker[endre | endre wikiteksten]