Skjåk kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjåk kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Bismo
Areal 2 076 km²
 - land 1 977 km²
 - vatn 99 km²
Folketal 2 141  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Edel Kveen (Sp)
Kommunenr. 3433
Kart
Skjåk
61°56′10″N 7°57′37″E / 61.936111111111°N 7.9602777777778°E / 61.936111111111; 7.9602777777778
Wikimedia Commons: Skjåk
Nettstad: www.skjaak.kommune.no

Skjåk er ein kommune og fjellbygd i Oppland i Innlandet fylke. Kommunen ligg lengst vest i Ottadalen. Han grensar i nord til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Kommunen ligg mellom fjellpartia Breheimen og Reinheimen. Bismo er eit moderne bygdesenter der dei fleste har arbeid i industri, handel og tenesteyting.

Bygda ligg langs ein av dei viktigaste ferdselsårane frå austlandet, til Stryn og Nordfjord, Geiranger og Sunnmøre, saman med dei andre Ottadalskommunane i aust, Vågå og Lom. Landbruksbygda med mange gardar ligg i eit breitt dalføre med høge fjell på begge sider, furumoar og bratte lier. Ottaelva renn gjennom dalen. Viss du kjem frå vest over Strynefjellet eller frå Geiranger vil du køyre forbi Grotliområdet og Billingsdalen med høgfjell og mange vassdrag før du etter kvart kjem til bygdesenteret Bismo. Skjåkbygda ligg i regnskuggen for nedbør, og har den lågaste nedbøren Arkivert 2005-12-15 ved Wayback Machine. i landet med 278 mm i året. Dette har tvinga bygdefolket til løysingar for kunstig vatning med vatn leidd frå fjellet gjennom innfløkte ordningar.

Kjende produkt frå Skjåk er marknadsførte som skjåkmjøl, skjåkpølse, skjåkskinke og skjåkpanel. Skjåkmøbler AS lagar møblar. I kommunen driv ein òg med tradisjonsrike handverk som lafting, treskurd og rosemåling.

Kjende personar frå Skjåk kommune[endre | endre wikiteksten]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]