Skjæraasenprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skjæraasenprisen vert delt ut annakvart år av Trysil kommune. Prisen ber namnet til lyrikaren Einar Skjæraasen, som var frå Trysil, og vart delt ut første gong i 2000. I dag er prisen på 25 000 kroner. Prisen kan delast ut til personar innan forfattarskap, bildande kunst eller musikk. Det er ikkje eit avgjerande vilkår at prisvinnaren skal vera norsk. I komitéen sit mellom andre ordføraren i Trysil, Ole Martin Norderhaug og son til Einar Skjæraasen, Magne.[1] Prisen vert delt ut under Skjæraasendagane i slutten av oktober annakvart år.[2]

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]