Skjærtorsdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Daa dei heldt kveldsverd, og djevelen alt hadde skote det i hugen paa Judas Simonsson Iskariot at han skulde svike honom, og daa Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hender, og at han var komen fraa Gud og gjekk til Gud, so reiser han seg fraa bordet og legg av seg kjolen sin, og tok eit handklæde og batt um seg; so slær han vatn i vaskarfatet og tok til aa tvaa føterne aat læresveinarne og turka deim med handklædet som han hadde bunde kring livet.

Skjærtorsdag eller skirtorsdag er ein dag i den kristne påskeveka og feirar det siste måltidet Jesus hadde med disiplane sine før han blei krossfesta. Ordet kjem frå norrønt skíriþórsdagr som tyder reinsetorsdag (jf. skjær, 'rein)', som siktar til at Jesus vaska føtene til disiplane kvelden dei hadde det siste måltidet. Under dette måltidet innstifta Jesus den heilage nattverden.

Dagen blir markert siste torsdagen før påske. På messa i kyrkja vert det siste måltidet minna ved at kyrkjelyden feirar nattverd. Skjærtorsdag er dagen før langfredag, og det kan bli markert ved at all pynt vert fjerna frå altaret ved slutten av gudstenestaa. Lys, blomar, vaser og dukar blir bore bort slik at altaret framstår blottlagt til langfredagsgudstenesta.

Skjærtorsdagen er heilagdag i Noreg og Danmark.