Venleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skjønnheit)
Unge kvinner vert ofte sett på som eit symbol på menneskeleg venleik og dei er også eit dominerande tema i biletkunsten.

Venleik er ein karakteristikk av ein person, ein stad, eit objekt eller ein ide som gjev ei sanseoppleving av glede, meining eller tilfredsstilling. Venleik er studert som ein del av estetikk, sosiologi, og kultur. Som kulturelt omgrep har venleik vorte ekstremt kommersialisert.

Ein «ideell venleik» er ein person som vert sett opp til eller har eit vesen eller karaktertrekk som innanfor ein viss kultur vert sett på som vakkert. Ein del historiske enkeltpersonar har vorte venleiksikon, til dømes kvinner som dronning Kleopatra, Helena frå Troja, Bar Refaeli og Marilyn Monroe.

Den subjektive erfaringa av «venleik» omfattar ofte tolkinga av om sjølvstendige element er i balanse og harmoni med naturen, noko som kan føre til kjensler av tiltrekking og kjenslemessig velvære. «Venleik er i auga som ser» er ein vanleg frase, som går mange år tilbake i tid, for å uttrykkje dette konseptet.[1]

I den mest inngåande tydinga av ordet kan venleiken framkalle ei framtredande oppleving av positiv refleksjon om meininga ved eigen eksistens. Eit «venleiksobjekt» er alt som avslører eller gjev gjenklang til ei personleg meining.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gary Martin (2007): Beauty is in the eye of the beholder. The Phrase Finder.