Skjørbuksurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjørbuksurt


Cochlearia officinalis - Köhler–s Medizinal-Pflanzen-186.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Brassicales
Familie: Brassicaceae
Slekt: Cochlearia
Art: C. officinalis
Vitskapleg namn
Cochlearia officinalis

Skjørbuksurt er ein to- eller fleirårig urt i krossblomfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.

Skjørbuksurten vert kring 10 cm høg, og har rosett med nyreforma blad utan tenner. Han har grov stiv stengel med bukttagga sitjande blad, 4-5 mm lange kronblad og kulerund skulpe. Skjørbuksurt blømer kring mai på havstrender. I Noreg veks han langs kysten frå Østfold til Finnmark.

Varianten integrifolia er kring 15 cm høg, er opprett med smale utagga stengelblad, stor avlang skulpe og store frø. Denn blømer kring juni. Han er utbreidd frå Nordland til Finnmark, og finst der frå havstranda og opp til fjells til 750 m.

Cochlearia officinalis

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.