Skjaldbreiður

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjaldbreiður
Skjaldbreiður sett frå Þingvellir
Skjaldbreiður sett frå Þingvellir
Høgd over havet 1 060 moh
Ligg i/på Island sitt flagg Island
Koordinatar 64°24′36″N 20°45′44″WKoordinatar: 64°24′36″N 20°45′44″W
Fjelltype Skjoldvulkan
Bergartar frå 9 000 år

Skjaldbreiður (Breitt skjold på norsk) er ein vulkanIsland som har gjeve opphavet til namnet på vulkantypen skjoldvulkan. Han vart danna under eit svært utbrot for om lag 9000 år sidan. Den omfattande lavasletta vart óg danna under dette utbrotet, rann sørover og danna bassenget Þingvallavatn, den største innsjøen på Island, og Þingvellir der Alþingi vart grunnlagd i 930.

Vulkanen er 1 060 meter over havet og krateret er om lag 300 meter i diameter.

Lavasletta frå Skjaldbreiður ligg over Det midtatlantiske ryggen og har vorte vridd og rive laus gjennom tusenåra og danna mange sprekker innanfor Þingvellir nasjonalpark. Dei mest kjende av desse er Almannagjá, Hrafnagjá og Flosagjá.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]