Skeiand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skjeand)
Skeiand
Skeiandhann
Skeiandhann
Skeiandhoe
Skeiandhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av Skeiand
Utbreiinga av Skeiand
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Anserimorphae
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Slekt: Spatula
Art: Skeiand S. clypeata
Vitskapleg namn
Spatula clypeata

Skeiand (Spatula clypeata, tidlegare Anas clypeata) er ein fugleart i andefamilien som hekkar i Holarktis frå Island til Sakhalin og i Nord-Amerika. Arten er ein trekkfugl.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hannfuglar er om lag 50 cm lang, hofuglar om lag 5 cm kortare. Hofuglen er brunspraglete, medan hannen har krittkvitt bryst, mørkegrønt hovud og raudbrun buk. Begge fuglane verkar framtunge i vatnet og nebbet peikar ofte nedover. Skeianda et små virvellause dyr inkludert krepsdyr og blautdyr. Dessutan vegatabilsk føde som frø og planterestar.[2]

Hekkeområdet er vidt i Palearktis og vestlege Nord-Amerika, omtrent i området 40–60° nord. Dei overvintrar sør for hekkeområdet og nord for ekvator i Amerika, Europa inkludert Storbritannia, Afrika og sørlege Asia.

Reiret vert gøymt i vegetasjonen nær vatn og er bygt av gras og dun. Skeianda legg 8–10 gulkvite egg i april-juni. Hoa rugar i 23–25 dagar og ungane er flygedyktige etter 40–45 dagar.

Utbreiing i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Sør-Noreg er det få eksemplar av desse fuglane, og dei opptrer sporadisk i Nord-Noreg. Talet på observasjonar aukar. Skeiendene hekkar få om gongen ved grunne innsjøar med rik vegetasjon rundt Oslofjorden og frå Møre til Helgeland. Skeiendene er trekkfuglar som kjem i april og reiser att i september-oktober. Hekkefuglar frå Noreg overvintrar truleg i Europa og Nord-Afrika.

Arten er lista i norsk raudliste i kategorien sårbar, (VU).

Skeiand-egg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øystein R. Størkensen, 1994, Artsomtale: Anas clypeata – skjeand, S. 84 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 11. desember 2021
Referansar
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark skeiand Spatula clypeata (Linnaeus, 1758) Henta 11. desember 2010
  2. Dubowy, P. J., C. Carboneras, og G. M. Kirwan (2020). Northern Shoveler (Spatula clypeata), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.norsho.01

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]