Skjeberg kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjeberg kyrkje
kyrkje
Skjeberg kyrkje
Foto: Erlend Bjørtvedt
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Søndre Borgesyssel
Sokn Skjeberg
Fellesråd Sarpsborg
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 1100
 - Endringar 1300, 1750
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1623
Døypefont 1100-talet
Altartavle Bilete måla av Eggert Munch e. Rembrandt, 1760
Sitjeplassar 360
Diverse Epitafium av J.H. Rawert over Ole Christopher Wessel, 1794. Runestein i sørveggen. To gravkapell.
Kart
Skjeberg kyrkje
59°13′44″N 11°11′23″E / 59.22888889°N 11.18972222°E / 59.22888889; 11.18972222
Wikimedia Commons: Skjeberg kirke

Skjeberg kyrkje er ei langkyrkje av stein frå omkring år 1100 i Sarpsborg kommune i Østfold fylke. Kyrkja vart utvida av ein «Bottolf Steinmester» ca. 1300 og vart òg utvida midt på 1700-talet. Då fekk ho dessuten to såkalla gravkapell, der det eine eigentleg er eit overbygg til eit monument. Etter fleire rundar med oppussing vart kyrkja i 1968 ført attende mot slik ho var på 1700-talet.

Kyrkja vart opphavleg oppført i romansk stil, men har gotisk inngangsportal. To runesteinar er innfelt i sørveggen. Kyrkja har 360 sitjeplassar og mykje gamalt inventar, ikkje minst døypefonten frå 1100-talet, som har relieff av Kristus, apostlar og heilagmenne.

Prestegarden ligg like attmed kyrkja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]