Skjeggmaursmett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Skjeggmaursmett | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Thamnophilidae | |
| Slekt: | Myrmotherula | |
| Art: | M. ignota | |
| Vitskapleg namn | ||
| Myrmotherula ignota
Griscom, 1929
|
||
Skjeggmaursmett, Myrmotherula ignota, er ein liten fugl i maurfuglfamilien mykje lik dvergmaursmett. Skjeggmaursmett har jamvel mindre tendens til å delta i fleirartsflokkar enn dvergmaursmett, som ofte beitar parvis.
I dag er det vanleg å skildre to allopatriske underartar.
- M. ignota ignota er den nordvestre forma og lever frå austre Panama i nord gjennom vestre Colombia til nordvestre Ecuador.
- M. ignota obscura er den søraustre forma, frå sørlege, sentrale og austre Colombia til nordaustre Peru og vestre del av Amazonas i Brasil.
Underartane har tidvis vore rekna som sjølvstendige artar med dei engelske namna Griscom's Antwren og Short-billed Antwren. Førstnemnte underart er ca. ein centimeter kortare enn dvergmaursmett[1] og kan vere den minste av alle maurfuglar.
Kjelder [endre]
- Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011
- Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
Referansar [endre]
- ↑ Ridgeley og Greenfield, side 402