Skjelpadder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjelpadder


Elefantskjelpadde frå Galapagos
Elefantskjelpadde frå Galapagos

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Reptilia
Orden: Testudines

Skjelpadder er anapside krypdyr av ordenen Testudines. Dei er kjenneteikna ved at størsteparten av kroppen er dekt med eit hardt beinskal utvikla frå ribbeina, og ved at hovudskalla manglar andre opningar enn dei til auga og nasebor. Gruppa er den eldste nolevande krypdyrordenen; dei eldste fossilane som er funne stammar frå over 215 millionar år sidan. Per i dag finst det 300 artar skjelpadder, både på land, i ferskvatn og i havet.

Havlærskjelpadda har vorte funne både skyld i land på norske strender og symjande utanfor norskekysten. Ho er den største skjelpadda, og kan vega opp mot 900 kg med ei lengd på 2,7 m

Skjelpadder i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I norsk fauna er skjelpadda ein særs sjeldan gjest. Likevel har det førekome nokre få observasjonar av havskjelpadde, både drive i land og frittsymjande utanfor kysten. Det er registrert totalt to artar her; uekte karett og havlærskjelpadde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Engelsk wikipedia

Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.