Skjelryggmaurfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjelryggmaurfugl

Status i verda: LC Livskraftig

Hannfugl i Cordillera del Cóndor, Ecuador.Foto: Ana Agreda
Hannfugl i Cordillera del Cóndor, Ecuador.
Foto: Ana Agreda

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thamnophilidae
Slekt: Willisornis
Art: W. poecilonotus
Vitskapleg namn
Willisornis poecilonotus
Cabanis, 1847

Skjelryggmaurfugl, Willisornis poecilonotus, er ein maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Willisornis. Han er ofte eit medlem av slekta Hylophylax.

W. p. lepidonota, hofugl øvst hannfugl nedst; illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1892

Skjelryggmaurfugl er ca. 13 centimeter lang, hannen har ei mørk gråleg fjørdrakt, hoa er meir raudbrun. Vengene er svarte med lyse kantar på dekkfjører og flygefjører - skjelmarkeringar. Det finst variantar av drakta med underartar i utbreiingsområdet, til dømes har hannen av W. p. gutturalis i nordaustre Peru og tilstøytande vestre Brasil ein svart strupe.

Denne arten er ein typisk maurfølgjar.

Arten har habitat i tropiske våte låglandsskogar med utbreiingsområdet i Amazonas innanfor landa Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Fransk Guyana, Guyana, Peru, Surinam og Venezuela.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skjelryggmaurfugl