Skjerstadfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skjerstadfjorden er ein fjord i Fauske kommune og Bodø kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 32 km austover til Fauske i aust og er ei fortsetjing av Saltfjorden. Medrekna Saltdalsfjorden er lengda 41 km.

Fjorden har innløp mellom Godøystraumen i nord og Saltstraumen i sør, som går på kvar si side av Knapplundøya. Tverrlandet ligg på nordsida av innløpet Her ligg grenda Naurstad og vågen Vågsbotn. På nordsida går Valnesfjorden nordover til tettstaden Straumsnes. Sør for Valnesfjorden, på sørsida av Skjerstadfjorden, ligg bygda Skjerstad, og frå her går fjordarmen Misværfjorden sørover til Misvær.

Litt aust for Skjerstad ligg bygda Breivik på sørsida. Rett nord for Breivik ligg Venset på andre sida. Midt i fjorden her går halvøya Øynes ut i fjorden og dannar Klungsetvika på nordsida av fjorden. I denne vika ligg grenda Klungset og bygda Røvika. Sjølve Fauske ligg like aust for Klungset, inst i Fauskevika. Eit smalt sund går vidare inn til bukta. Sørover frå Fauskevika går Saltdalsfjorden inn til Rognan i Saltdal kommune.

E6 går langs den indre delen av fjorden til Fauske og så vidare nordover. Frå Fauske og på nordsida av fjorden mot Bodø går Riksveg 80. Langs delar av sørsida går Riksveg 812, Fv553 og Fv554