Skjervøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 70°02′00″N 20°58′30″E

Skjervøy kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1941
Fylke Troms
Adm.senter Skjervøy
Areal 472 km²
Folkemengd 2 905 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Torgeir Johnsen (KP)
Målform Bokmål
Nettstad www.skjervoy.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1941.svg
Skjervøy kommune på Commons

Skjervøy kommune (nordsamisk: Skiervvá suohkan, kvensk: Kieruan komuuni) ligg i Troms. Kommunen grensar i sørvest (på Uløya) til Nordreisa kommune, og grensar elles over dei omliggjande fjordar og havstykke i aust mot Kvænangen og Loppa og i vest mot Lyngen og Karlsøy. Øygruppa Skjervøy kommune omfattar øyene Skjervøya, Kågen, Arnøya, Uløya, Laukøya, Haukøya, Hakkstein, Vorterøya og Follesøyene. Kommunen høyrer til regionen Nord-Troms.

Kyrkja på Skjervøy

Tettstaden Skjervøy er administrasjonssenter i kommunen. Vel 2350 av dei vel 2900 som er busette i kommunen bur i tettstaden.

Skjervøy har snøggbåtsamband til Tromsø, og Hurtigruta har òg anløp her. Næraste flyplass er Sørkjosen lufthamn i nabokommunen Nordreisa, om lag 45 minuttars køyring frå tettstaden Skjervøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skjervøy kommune
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.