Skjold i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjold
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5236 RÅDAL
5238 RÅDAL
5221 NESTTUN
5222 NESTTUN
Gardnummer 40
Kart
Skjold i Bergen
60°18′22″N 5°20′24″E / 60.306°N 5.34°E / 60.306; 5.34
Wikimedia Commons: Skjold, Fana

Skjold er eit bustadområde i bydelen Fana i Bergen kommune og eit gardsbruk som området er kalla opp etter. Området ligg ved søraustenden av Nordåsvatnet.

Bustadområdet vart bygd ut i 1960- og 1970-åra og består hovudsakleg av småhusbusetnad etter utparsellering av garden Skjold.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem av det norrøne Skjolðr som viser til at garden låg på ei flate.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den gamle garden dekkja det som i dag er området aust for Nordåsvatnet og Søråselva, som går langs Fritz C. Riebers veg, sør til midt Apeltunvatnet. Den sørlege grensa går langs Apeltunelva forbi Iglevatnet og vidare nordaustover mot Tranevatnet. I aust går grensa like aust for Apeltunvegen nord til krysset ved Slåtthaugvegen, og så nordvestover langs Skjolddalen, eit lite stykke langs Fanavegen og så vidare nordover langs Tors veg og gjennom Vaulardal til Sundts veg, som er den nordlege grensa. Garden grensar til Nordåsvatnet i nordvest, Nordås og Sørås i vest, Apeltun, Nøttveit og Smørås i sør, Øvsttun i aust, Nesttun i nordaust og Hop i nord.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På eigedomen til gardsbruket er det funne ein gravhaug frå folkevandringstida med rikt innhald. I mellomalderen høyrte garden til Nonneseter kloster, men kom til Vincens Lunge og slekta hans i 1528. I 1680 vart garden kjøpt av landkommissær Hans Hjort på Stend, men alt i 1696 kjøpt opp igjen av Daniel Volpmann, som selde vidare til rådmann Lars Hansen Weiner i 1700. Brukarane av garden vart eigarar i 1723 og garden har sidan vorte delt inn i 23 bruk. Etter den andre verdskrigen er mykje av jordvegen utparsellert til bustadtomter, men det er framleis gardsdrift.

Sokn[endre | endre wikiteksten]

Skjold er òg namnet på eit sokn og prestegjeld i Fana prosti som omfattar området mellom Birkeland og Raunefjorden. Skjold kirke ligg i Skjoldlia 55 og vart bygd i 1998.

Bruk av namn[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til Skjold sokn har Skjold gjeve namn til fleire vegar og stader i området:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]