Skjold på Haugalandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skjold kommune)
Skjold
stad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Vindafjord
Areal 1,03 km²
Folketal 933  (2023)
Folketettleik 906 / km²
Postnummer 5574 SKJOLD
Kart
Skjold i Vindafjord
59°30′24″N 5°35′31″E / 59.506667°N 5.591944°E / 59.506667; 5.591944
Skjold kyrkje

Skjold er ein tettstad og eit sokn i Vindafjord kommuneHaugalandet i Rogaland fylke. Skjold var tidlegare også ein kommune. Tettstaden har 933 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved nordenden av Skjoldafjorden.

Skjold sokn[endre | endre wikiteksten]

Skjold sokn var før i tida meir enn dobbelt så stort som no. I 1964 vart Flatnes krins overflytta til Vestre Vikebygd sokn, og i 1965 vart soknet halvert: Då vart Vordneset (seinare nemnt Skjoldastraumen) kapelldistrikt overflytta til Tysvær sokn, og same område vart i 1969 overført på ny til Nedstrand sokn.

I dag femnar soknet om den sørvestlegaste delen av Vindafjord kommune (krinsane Alendal, Ersland, Haugen, Egge, Austrheim og Langeland) og har 1 415 innbyggjarar (2013). Det høyrer til Haugaland prosti.

Skjold kommune[endre | endre wikiteksten]

Allereie då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Skjold ein av dei. Den omfatta då soknene Skjold, Vats og Tysvær. Tysvær vart frådelt som eigen kommune i 1849, og Vats vart frådelt i 1891, så deretter var Skjold kommune og sokn identiske. I 1964 vart Flatnes krins overført til Sveio kommune, og i 1965 vart kommunen oppløyst og oppdelt mellom kommunane Vindafjord og Tysvær.

Skjold

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]