Skjoldungane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Skjoldungane er namnet på den førande danske kongeætta i norrøn tid. Dei hadde ein kultstad i Lejre.

Skjoldungane rekna seg som ætlingar av kong Skjold og Gjevjon. Snorre skriv at Skjold var son av Odin, medan andre kjelder fortel at Skjold var son av ein Sceaf (kornnek). Sceaf var komen over havet i eit skip som spebarn, og teken til konge over danene. Denne attgjevinga er kjend frå fleire gamalengelske kjelder, og finst såvidt nemnt i Snorra-edda. I England vart Skjold kalla Scyld.

Skjoldungasaga finst berre i fragment, og mykje er skrive av på latin. Av namn i kongelista finn ein mellom anna Frode eller fred-Frode, fleire ved namn Halvdan, og dessutan Roar og Helge. Mykje tyder på ei tett tilknytting til Frøy, og nære band til Ynglingeætta, som det er sagt skjoldungkongane ofte var i trette med.

Skjoldungane eller Scyldingas på gamal engelsk er framtredande i Béowulf. Mykje tyder på at kongane i Mercia rekna seg som ætlingar av desse kongane, mest truleg gjennom Ingjald Frodeson, bror av Halvdan, og farbror til Roar og Helge.