Sklerose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sklerose tyder at vevet i delar av hud eller indre organ blir hardt, fast og fortjukka på grunn av auka danning av bindevev. Dei fleste arr er ei form for sklerose, og mange betennelsar blir gjort friske att gjennom danning av sklerotiske partiklar, til dømes ved tuberkolose.

Ein lokal sklerose kan opptre utan kjend årsak, særleg i seneplata på handflata, og føre med seg skrumping og krumning av fingrane (Dupuytrens kontraktur). I sentralnervesystemet kan det av ukjend årsak opptre talrike, avgrensa, sklerotiske parti, kjende under namnet multippel sklerose. I eldre alder trer det etter kvart inn ei diffus sklerosering av ei rekke organ og organsystem, særleg i blodårene. Dette blir kalla for arteriosklerose.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«sklerose» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.