Skogfond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skogfond, fram til 2005 kalla skogavgift, er ei tvungen fondsavsetjing som skal gi skogeigaren eit betre grunnlag for å finansiere tiltak med sikte på ei berekraftig forvaltning av skogressursane.[1]

I Noreg skal kvar skogeigedom med produktiv areal over 1o dekar setje av mellom 4% og 40 % av verdien av omsetjinga ved sal av skogsvirke på ein skogfondskonto. Skogfondskontoen vert administrert av skogbruksstyresmaktene. Skogfondsmidla kan skogeigaren bruke til skogkultur, skogbruksplanlegging, skogproduksjon, skogsvegar og tiltak som tek sikte på å sikre viktige miljøverdiar i skogen.

Rentene av inneståande skogfond kan brukast til den offentlege administrasjonen av skogfondsordninga, og elles til ulike skogbruksformål, spesielt informasjon og rettleiing i spørsmål som gjeld skog og skogbruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]