Skoggrense

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skoggrensa)
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Tregrense. (Sjå eventuelt (Diskusjon))
Skoggrensa i Karwendel i Alpane.

Skoggrense er ei nemning for yttergrensa for utbreiingsområdet til skogen.

Skoggrensa opp mot fjellet vert kalla alpin skoggrense, medan skoggrensa mot nord vert kalla den polare skoggrensa. Grovt sett fell den polare skoggrensa saman med isoterm for 10 gr C månadsmiddeltempretur i juli. Skoggrensa mot sjøen vert kalla oseanisk skoggrense.

I Noreg er det helst bjørk som dannar den alpine skoggrensa, men somme stader kan det vere gran eller furu. Der skoggrensa ligg høgt, er ho klimatisk betinga, det vil seie at det er temperatur og vind som avgjer kor høgt skogen kan vakse. Men jordsmonnet eller menneskeleg påverknad — som seterdrift — kan lokalt føre til at den verkelege skoggrensa ligg lægre.

Høgda på den alpine skoggrensa varierer frå stad til stad, avgjerande for høgda er:

  • breiddegraden
  • avstanden til havet (høgda stig innover i landet)
  • øvrige landmassar vil trekke skogen etter seg, medan ein lågtliggande «kalott» kan vere snau
  • lokalklimaet
  • påverknad av beiting eller menneskeleg aktivitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Skinnemoen: Skogskjøtsel Landbruksforlaget 1969

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]