Skogn
| Utsikt mot Skogn frå Alstadhaug kyrkje | ||
| Geografi | ||
|---|---|---|
| Kommune | Levanger | |
| Fylke | Nord-Trøndelag | |
| Folkemengd[1] | 1 971 (2012) | |
| Folketettleik | 1 388 /km² | |
| Areal[1] | 1,42 km² | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | E6 754 Nordlandsbanen |
|
| Postnummer | 7620 SKOGN | |
| Innbyggjarnamn | Skogning | |
| Preposisjon | på Skogn | |
| Kart | ||
|
|
||
| Koordinatar: | ||
Skogn er ei bygd og tettstad i Levanger kommune. Folketalet i tettstaden er 1 971 innbyggjarar (2012).
Skogn er eit prestegjeld i Sør-Innherad prosti i Nidaros bispedøme i Den norske kyrkja med sokna Alstadhaug, Ekne og Markabygda.
Skogn er det gamle namnet på det som i dag er Levanger og Mosvik kommunar. I yngre jarnalder (vikingtida) var namnet på området Skeynafylki. Området har alltid vore eit rikt jordbruksområde, og jordbruk er framleis ein viktig næringsveg i bygda.
Fram til 1836 tilsvara Skogn det som i dag er Levanger kommune bortsett frå Åsen. Då vart Levanger by skild ut som bykommune, og Levanger landsokn (seinare Frol) og Ytterøy vart skilde ut som eigne herad frå 1837.
I samband med kommunesamanslåingsprosessen på 50- og 60-talet vart det tale om å slå saman igjen herada og Levanger by til ein ny kommune. I tillegg vart Åsen herad med. Dette gjekk igjennom ganske udramatisk, mykje av di dei som planla å investere i ny papirfabrikk på Skogn la sterkt press for å få det til. Fire av kommunane gjekk saman i 1962, medan Ytterøy kom til i 1964.
Papirfabrikken Nordenfjelske treforedling starta i 1966, noko som vart oppstarten til Norske Skog.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.