Skogshøns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skoghøns
Fjellrype
Fjellrype
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Fasanfamilien Phasianidae
Underfamilie: Skoghøns Tetraoninae
Vigors, 1825

Skogshøns er ei gruppe av sju slekter hønsefuglar og er ein del av fasanfamilien Phasianidae[1] som held til i tempererte og subarktiske område på den nordlege halvkula. Dei fleste artane er standfuglar. Skogshøns er tungt bygde fuglar som ofte blir jakta på til mat. Eit kjenneteikn er at føtene har fjørdekke til tærne.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Til likskap med andre hønsefuglar har skogshøns tung kroppsbygging. Lengda varierer med art frå 31 cm til 95 cm, og vekta varierer frå 0,3 kg til 6,5 kg. Hannar er større enn hoene, dobbelt så tunge hos storfugl, den største medlemmen i gruppa. Skogshøns har fjørkledde nasebor. Beina er fjørkledde ned til tærne, og om vinteren har tærne òg fjører eller små skjel på sidene, ein tilpassing for å gå på snø og å grave i snø for å lage snøholer. I motsetnad til andre Galliformes, har dei ingen sporar.[2]

Ei hovudkjelde for føde kjem frå vegetasjonen, så som knoppar, raklar, blad og kvistar, rekna etter vekt gjer dette ut for typisk over 95 prosent av føda for vaksne fuglar. Men kosten varierer sterkt med årstidene. Kyllingar et i hovudsak insekt og andre virvellause dyr, når dei veks mot vaksen storleik vil dei gradvis redusere delen av animalsk ernæring. Til forskjell frå dei fleste andre virveldyr, kan fleire skogslevande skogshønsartar ete store mengder bartrenåler. Til hjelp for å fordøye vegetabilsk mat, har skogshøns godt utvikla kro og kråsar, et grus for å bryte opp maten, og har lange tarmar med godt utvikla cecum der symbiotiske bakteriar fordøyer cellulose.[2]

Artar som lever i skog flokkar seg berre haust og vinter, sjølv om einskildindivid tolererer kvarandre når dei møtest. Prærieartar er meir sosiale, og rypene er mest sosiale, dei dannar flokkar på opp til 100 om vinteren. Alle skogshøns held seg på bakken mesteparten av tida, men når dei blir skremte, kan dei ta av og gå inn i ein lang glideflukt.[2]

Dei fleste artane held seg innanfor hekkeområdet heile året, men kan gjere korte sesongmessige vandringar, mange individ av fjellrype og lirype vandrar hundrevis av kilometer[2].

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Hos alle artar unntatt lirype, er hannar polygame. Mange artar har ein utvikla oppvising på spelplass på bakken ved daggry og skumring, einskilde artar som storfugl og orrfugl har fugleleik. Hannar viser hanekammar i klåre farger, og nokre artar har oppblåsbare hudsekker på sidene av halsen. Hannane vise fram fjørdrakta, gjev vokaliseringar som varierer mykje mellom artane, og kan delta i andre aktivitetar som tromming eller flagring med vengene, rasling med halen, og gjer oppvisingsflygingar. Innimellom kan hannar slåst.[2]

Reiret er ei grunn grop på bakken, ofte under eit skjul, sparsamt fora av plantemateriale. Hoa legg eitt kull, men kan legge nye egg om kullet går tapt. Ho byrjar å verpe ei veke etter paring og legg eit egg kvar dag eller annan kvar dag, kullet består av 5–12 egg. Egga har form av hønseegg og er bleikgule med spreidde brune flekker. Når det siste eller nest siste egget er lagt byrjar hoa på ruginga over ein periode på 21–28 dagar. Kyllingane blir klekte med gulbrun dun og forlèt reiret umiddelbart. Dei utviklar snart fjører og kan fly litt før dei er to veker gamle. Hoa, og hos lirype òg hannen, held seg saman med ungane og vernar dei fram til første hausten deira, då dei når kroppsvekta for vaksne fuglar. Dei er kjønnsmodne neste vår, men ofte vil dei ikkje hekke før året etter.[2]

Bestand[endre | endre wikiteksten]

Skogshøns utgjer ein betydeleg del av virveldyrbiomassen i arktiske og subarktiske område. Populasjonen kan falle dramatisk i år med dårleg vêr eller høge rovdyrbestandar. Skogshønspopulasjonar er ein viktig matkjelde for gaupe, rev, mår, og rovfuglar. Men på grunn av store ungekull blant skogshøns, kan populasjonar kome seg raskt attende.

Dei tre rypeartane har oppretthalde tidlegare storleik på bestanden. Prærieartar og artar i skog har falle kraftig på grunn av tap av habitat, men populære jaktfuglar som underarten scotica av lirype i Storbritannia og Irland samt kragejerpe har drege nytte av biotopendringar. Dei fleste skogshønsartane er oppførte av IUCN som livskraftig eller nær truga, men storpræriejerpe og storpræriejerpe er oppførte som sårbar og gunnisonjerpeer oppført som truga. Nokre underartar og nokre nasjonale og regionale bestanda er òg i fare.[2]

Skogshøns er jaktvilt, og jegerar drep millionar kvart år for mat, sport, og anna bruk. Orrfuglhalefjører er eit tradisjonell ornament på hattar i Skottland og i Alpene.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Skogshøns i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Tetrao

  • Svartnebbstorfugl, Tetrao urogalloides, Black-billed Capercaillie, LC, Bonaparte, 1856
  • Storfugl, Tetrao urogallus, Eurasian Capercaillie, LC, Linné, 1758
  • Orrfugl, Tetrao tetrix, Black Grouse, LC, Linné, 1758
  • Kaukasusorrfugl, Tetrao mlokosiewiczi, Caucasian Grouse, NT, Taczanowski, 1875

Slekt Bonasa

  • Jerpe, Bonasa bonasia, Hazel Grouse, LC, Linné, 1758
  • Kinajerpe, Bonasa sewerzowi, Severtzov's Grouse, NT, Przewalski, 1876
  • Kragejerpe, Bonasa umbellus, Ruffed Grouse, LC, Linné, 1766

Slekt Centrocercus

  • Salviejerpe, Centrocercus urophasianus, Greater Sage-Grouse, NT, Bonaparte, 1827
  • Gunnisonjerpe, Centrocercus minimus, Gunnison Sage-Grouse, EN, Young, Braun, Oyler-McCance, Hupp & Quinn, 2000

Slekt Falcipennis

  • Amurjerpe, Falcipennis falcipennis, Siberian Grouse, NT, Hartlaub, 1855
  • Granjerpe, Falcipennis canadensis, Spruce Grouse, LC, Linné, 1758

Slekt Lagopus

  • Lirype, Lagopus lagopus, Willow Ptarmigan, LC, Linné, 1758
  • Fjellrype, Lagopus muta, Rock Ptarmigan, LC, Montin, 1776
  • Kvithalerype, Lagopus leucura, White-tailed Ptarmigan, LC, Richardson, 1831

Slekt Dendragapus

  • Blåjerpe, Dendragapus obscurus, Dusky Grouse, LC, Say, 1823
  • Sotjerpe, Dendragapus fuliginosus, Sooty Grouse, LC, Ridgway, 1873

Slekt Tympanuchus

  • Spisshalejerpe, Tympanuchus phasianellus, Sharp-tailed Grouse, LC, Linné, 1758
  • Storpræriejerpe, Tympanuchus cupido, Greater Prairie-Chicken, VU, Linné, 1758
  • Småpræriejerpe, Tympanuchus pallidicinctus, Lesser Prairie-Chicken, VU, Ridgway, 1873

Jerpe, fjellrype, lirype, orrfugl og storfugl er skogshøns som lever i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Storch, Ilse; Bendell, J. F. (2003). «Grouse». I Perrins, Christopher. The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. s. 184–187. ISBN 1-55297-777-3. 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skogshøns