Skogstjerne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Skogstjerne | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantar | |
| Klasse: | Rosopsida | |
| Underklasse: | Asteridae | |
| Orden: | Ericales | |
| Familie: | Myrsinaceae | |
| Slekt: | Trientalis | |
| Art: | T. europæa | |
| Vitskapleg namn | ||
| Trientalis europæa | ||
Skogstjerne (Trientalis europæa) er ein fleirårig plante i fredlausfamilien. I eldre systematikk vart planten plassert i nøkleblomfamilien. Han veks i heile landet, både i skogen og til fjells, og blømer i juni–juli. Skogstjerna får ein eller nokre få kvite, stjerneforma blomster på lange skaft. Desse har seks eller sju kronblad og like mange mjølberarar. Blomsten utviklar kulerund kapsel. Planten vert kring 15 cm høg og har ugreina stengel med små skjelforma blad og store blad i rosett høgt oppe på stengelen. I Jotunheimen er skogstjerna funnen opp til 1580 m. Planten er utbreidd i Europa og Asia.
Bakgrunnsstoff og kjelder[endre]
- Den virtuella floran
- Johannes Lid, Norsk-svensk-finsk flora, Det Norske Samlaget,1985.