Skolebibliotekarforeningens litteraturpris
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skolebibliotekarforeningens litteraturpris er ein skjønnlitterær pris oppretta i 1982. Prisen vert utdelt av Skolebibliotekarforeningen i Norge som ein honnør og ein stimulans til ein forfattar av norsk barne- og ungdomslitteratur. Prisen vert gjeve for eit samla forfattarskap eller delar av det. Prisen består av ein diplom og eit verk av ein norsk kunstnar. I 2007 vart prisen vunnen av Arne Svingen.

