Skoltesamar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teikning av russiske skoltesamar frå 1871.

Skoltesamar eller austsamar er ein samisk minoritet busett i grensetraktene mellom Russland, Finland og Noreg (Neiden). Dei fleste skoltesamane er busett i og omkring tettstadane Sevettijärvi, Keväjärvi, Nellim i Inari kommune i Finland og i Neiden i Sør-Varanger kommune i Noreg. Skoltane vert rekna som urinnbyggjarar på Kolahalvøya og høyrer til den austlege gruppa med samar, sett ut frå språket (skoltesamisk) og tradisjonane deira. Det finst om lag 700 skoltesamar, der omkring 400 kan snakke skoltesamisk.

Skoltesamane er hovudsakleg russisk-ortodokse, og har St. Georgs kapell i Neiden som ein viktig kultplass. Den heilage Trifon skal ha omvend dei til kristendommen på 1500-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]