Skoltesamisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skoltesamisk
(sää'mǩiõll)
Klassifisering: uralske språk
 finsk-ugriske språk
  samiske språk
  austsamiske språk
   Skoltesamisk
Talarar: Skoltesamar
Bruk
Tala i: Finland, Russland
Område: Enare kommune
Skoltesamisktalande i alt: 400
Rangering: «Ikkje topp-100»
Skriftsystem: latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Enare kommune
Normert av: Forskningscentralen för de inhemska språken
Språkkodar
ISO 639-2: sms
ISO 639-3: sms

Skoltesamisk er eit austsamisk språk i den uralske språkfamilien, som blir snakka av litt over 300 talarar.

Geografisk område[endre | endre wikiteksten]

Skoltesamisk blir snakka i Enare kommune i Finland og i Murmansk oblast' i Russland, av til saman ca. 400 menneske. Skoltesamisk vart tidlegare tala i Pasvik og Neiden i Sør-Varanger, men er no utdøydd som språk der.

Dei aller fleste talarane bur i Sevettijärvi og i Nellim i Enare kommune. Før krigen budde dei i dåverande Petsamo (russisk: Petsjenga), i Suonjel, men dei vart evakuerte til Sevettijärvi etter at framhaldskrigen tok slutt i 1945, då Petsamo-korridoren vart sovjetisk.

Alfabet[endre | endre wikiteksten]

Skoltesamisk i Finland er skrive med det latinske alfabetet, etter eit skriftspråk som vart fastlagt relativt seint, den publiserte referansen er Sammallahti og Mosnikoff 1991. Skriftspråket er laga etter tradisjonen frå Rasmus Rask, med eitt bokstavsymbol for kvart fonem som mål, og dermed relativ mange bokstavsymbol. Her er bokstavane i det skoltesamiske alfabetet, i sorteringsrekkjefølgje. Bokstavane i klammeparantes er berre i bruk i namn og framandord.

A a, Â â, B b, C c, Č č, Ʒ ʒ, Ǯ ǯ, D d, D , E e, F f, G g, Ǧ ǧ, H h, I i, J j, K k, Ǩ ǩ, L l, M m, N n, Ŋ ŋ, O o, Õ õ, P p, [Q q], R r, S s, Š š, T t, U u, V v, [W w], [X x], [Y y], Z z, Ž ž, Å å, Ä ä, [Ö ö], ´

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Skoltesamisk fonologi.

Skoltesamisk har ti vokalar, som kan vere lange eller korte. Skoltesamisk har 12 diftongar, som også kan vere korte eller lange. Dei lange diftongane har trykket på første del av diftongen, men dei korte har det på andre del.

Skoltesamisk har, som dei fleste andre samiske språk, stadieveksling.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Skoltesamisk morfologi.

Skoltsamisk substantiv har 9 kasus, 3 grammatiske, 2 lokale og 3 andre adverbiale.

Skoltesamiske pronomen blir bøygd i eintal, total og fleirtal.

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Skoltesamisk syntaks er relativt dårleg utforska. Han skil seg ikkje radikalt frå syntaksen til dei samiske grannespråka.


Skoltesamisk i samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Språksituasjon[endre | endre wikiteksten]

Skoltesamane var ved inngangen av Vinterkrigen den minst assimilerte samiske folkegruppa, med skoltesamisk som dominerande språk og med levevis som andre samar hadde gått bort frå fleire hundreår tidlegare. Vinterkrigen førte til at dei aller fleste av dei vart evakuert frå Petsamo-området til Sevettijärvi og til Nellim på det som vart verande finsk side. Der heldt det skoltesamiske språket seg i ein generasjon, til den første etterkrigsgenerasjonen, fødde i dei nye områda, sjølv fekk ungar. Kombinert med heilårsveg, snøscooter og TV, som alle kom siste halvparten av 60-talet, oppstod det ein brå språkskiftesituasjon: I 1973 fann Anna-Riitta Lindgren og Marjut Aikio at skoltesamisk skilde seg frå andre, meir assimilerte språkgrupper, ved at alle skoltesamar hadde skoltesamisk som morsmål. I 1996 fann Panu Hallamaa at ingen fødd i alderskohortane frå og med 1972 voks opp med skoltesamisk som morsmål.

Revitalisering[endre | endre wikiteksten]

For å bevare skoltesamisk har det sidan 1997 vore arrangert språkreir, barnehagar der personalet snakkar berre skoltesamisk til ungane, slik at dei lærer språket på ein naturleg måte. Som resultat av dette veks det no opp ein generasjon av skoltesamar, der (rett nok ein liten del av) skoltesamane er tospråklege i skoltesamisk/finsk.

Offisiell status[endre | endre wikiteksten]

Etter den samiske språklova i Finland er skoltesamisk ein av dei offisielle samiske språka i Finlands samisk område, i lag med nordsamisk og enaresamisk, og etter lova er det mogleg å få sakene sine handsama på skoltesamisk hos myndigheitene både skriftleg og munnleg.

Undervisning[endre | endre wikiteksten]

Skoltesamisk blir undervist som B2-språk (jf. finsk skolesystem) på ungdomsskolen i Enare, og som B2- og B3-språk på gymnaset i Ivalo. Våren 2005 var det for første gong mogleg å ta studenteksamen (tilsvarande norsk avsluttande eksamen for vidaregåande skole, allmenfagleg studieretning) i skoltesamisk som framandspråk.


Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Feist, Tim: A grammar of Skolt Saami. Manchester, 2010.
  • Aikio, Marjut and Anna-Riitta Lindgren 1973: Kielirapportti. Saamelaiskomitean mietintö 1973:46.
  • Hallamaa, Panu 1997: Unangam Tunuu and Sugestun: A Struggle for Continued Life. Hiroshe Shoji and Juha Janhunen (eds.) Northern Minority Languages. Problems of Survival. Senri Ethnological Studies 44:187-224. Osaka: National Museum of Ethnology.
  • Korhonen, Mikko. Mosnikoff, Jouni. Sammallahti, Pekka. Koltansaamen opas. Castreanumin toimitteita, Helsinki 1973.
  • Mosnikoff, Jouni and Pekka Sammallahti 1988: U'cc sääm-lää'dd sää'nnǩeârjaž = Pieni koltansaame-suomi sanakirja. Jorgaleaddji.
  • Mosnikoff, Jouni and Pekka Sammallahti 1991: Suomi-koltansaame sanakirja = Lää'dd-sää'm sää'nnǩe'rjj. Ohcejohka : Girjegiisá.
  • Moshnikoff, Satu: Muu vuõssmõs sää'mǩe'rjj.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Samiske språk
akkalasamisk | enaresamisk | kildinsamisk | lulesamisk | nordsamisk | pitesamisk | skoltesamisk | sørsamisk | tersamisk | umesamisk