Skonnert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den tomasta franske marineskonnerten «Étoile» — ein typisk toppseglskonnert.
Den tremasta slettopparen Linden frå MariehamnÅland.

Ein skonnert er eit sneseglrigga seglskip med minst to master. Dei tomasta skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormasta som aktermast. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. Dei tremasta skonnertane skil seg ut frå briggar og barkar ved stormasta er primært sneseglrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelsegl.

En skonnert kan riggast på ei rekkje ulike vis: Den reint sneseglrigga skonnerten blir kalla slettoppar og har berre gaffelsegl og stagsegl. Slettopparane kunne mot slutten av seglskutetida ha opptil sju master. Toppseglskonnerten er sneseglrigga, men har i tillegg eit skværsegl (råsegl) på fokkemasta, og ofte òg på stormasta. Ein skonnertbrigg eller brigantin har to master, med skværseglrigg på fokkemasta og sneseglrigg på stormasta. Tremasta skonnertar med skværsegl på fokkemasta og sneseglrigg elles blir kalla skonnertbark eller skonnertskip.

Namnet skonnert kjem frå engelsk schoon (smuttstein) — dvs. ‘som glid lett i sjøen’.