Skorpionfluger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skorpionfluger


Panorpa communis
Vanleg skorpionfluge Panorpa communis

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Neoptera
Orden: Mecoptera
Vitskapleg namn
Mecoptera
Hyatt & Arms, 1891

Skorpionfluger (Mecoptera) er ei gruppe insekt med rundt 550 beskrivne artar på verdsbasis. Gruppa er tenkt som viktig i insekta si evolusjonshistorie; mellom anna tenkjer ein seg at tovengjer, sommarfuglar og vårfluger stammar frå forfedrar innanfor eller i nær slekt med grupa. Fem av artane er funne i Noreg.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Skorpionflugene sitt fremste kjenneteikn er munndelane, som er omdanna til ein uledda snabel som peikar ned frå hovudet. Dei har òg eit sett reduserte bitande munndelar. Antennene er særs lange, ofte rundt halve kroppslengda, og består av mange ledd.

Desse insekta har to par med vengjer som vert heldt horisontalt frå sidene av kroppen i kvilestilling. Dei er smale og membranøse (gjennomsiktige), og ser ganske like ut. Dei to siste brystsegmenta og det første bakkroppssegmentet er samanvaksne. Beina er lange. Ein skil kjønna frå kvarandre på at hoene har to parvise haletråder og hannane har komplekse og tydelege kjønnsdelar som sit bakerst på bakkroppen og kan likna ei skorpionhale.

Larvane til somme skorpionfluger skil seg ut frå andre holometabole insektlarvar gjennom å ha fasettaugo.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Skorpionflugene finst helst på fuktige stadar, særleg i skogar. Dei flyg om natta, og er vanlegast i Holarktis, det vil seie Nord-Amerika og Eurasia. Nokre av artane lever av nektar, medan andre er rovdyr eller åtseletarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]