Skorpo i Tysnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre øyar med same namnet, sjå Skorpo.
Skorpo
øy
Skorpo med Tysnesøy i framgrunnen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Stad Sunnhordland
Høgd 229 m
Areal 8,8 km²
Kart
Skorpo
59°53′55″N 5°36′16″E / 59.89858111°N 5.60440111°E / 59.89858111; 5.60440111

Skorpo er ei øy søraust for Tysnesøy i Tysnes kommune i Sunnhordland i Vestland fylke. Med eit areal på 8,8 km² er ho den tredje største øya i kommunen.[1] Høgste fjelltoppane på øya er Kongshaug (229 moh.) og Laukhamarsåto (214 moh.).[2]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem frå den største garden på øya, Skorpo. Ei oppskriving frå 1327 talar om øya som «Skorpuæy»; og frå same året og 1328 finn ein garden nemnd ved eigeforma «Skorpu». Namnet har truleg samanheng med det norrøne skarpr (‘skvarp, kvass, ufruktbar’) og det norske skorpa (yta på brødet).[3]

Folketalsutvikling:

1801[4] 1900[5] 1950[6]
46 100 57

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tysnes» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Kart over øya på nettstaden åt Statens kartverk
  3. Ernst Berge Drange (1991). Tysnes Gards- og ættesoge 4. s. 729. 
  4. Folketeljing 1801 for Tysnes prestegjeld, frå Digitalarkivet
  5. Folketeljing 1900 for Tysnes herred, frå Digitalarkivet
  6. Ernst Berge Drange, Tysnes - Gards- og ættesoge 4 (Tysnes sogelag, 1991)