Skota i Sarajevo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skotet i Sarajevo)
Illustrasjon av drapet frå franske Le Petit Journal, 12. juli 1914.

«Skota i Sarajevo» er nemninga på attentatet mot den austerrikske tronarvingen Franz Ferdinand og kona hans medan dei vitja Sarajevo i 1914. Attentatet blei den utløysande årsaka til første verdskrigen.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

I juni 1914 var ein austerriksk hær på manøver i Bosnia. Keisaren i Austerrike-Ungarn, Frans Josef, sende tronfølgjar-paret på besøk samstundes, Frans Ferdinand og Sophie. 28. juni gjesta dei Sarajevo, og på vegen til rådhuset vart tronfølgjar-paret skotne. Gjerningsmannen var ein 19 år gamal serbisk student, Gavrilo Princip. Han var medlem av terroristorganisasjonen Den svarte handa, som kjempa for at Bosnia-Herzegovina skulle bli ein del av Serbia. Austerrike-Ungarn gav Serbia skulda for mordet, og truga med krig.

Men Serbia hadde ein mektig alliert i aust, nemleg Russland, og Russland var saman med både Frankrike og Storbritannia i trippelententen. På den andre sida er Tyskland og Austerrike-Ungarn saman i trippelalliansen.

28. juli 1914 lyste keisar Frans Josef krig mot Serbia etter å ha stilt landet eit skarpt ultimatum. Storbritannia sa frå at vart Frankrike dregne inn i krigen, var dei og med. Keisar Vilhelm II av Tyskland vart nærmast sjokkert, han hadde ikkje venta at Storbritannia ville gå med i krigen. Tyskarane fekk no kalde føter, og prøvde å få Austerrike-Ungarn til å tenkja seg om, men det var for seint. Første verdskrigen var i gang.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Skota i Sarajevo