Skotsk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Festninga Stirling Castle har gjennom hundreåra stått på toppen av ein vulkansk knaus og forsvart nedre delar av elva Forth.

Skotsk historie går svært langt tilbake i tid. Kongeriket Skottland blei sameint i 843 av kong Kenneth I av Skottland, og var eit sjølvstendig land fram til 1. mai 1707, då det gjekk i union med England.

Etter den siste istida byrja området lengst nord på øya Storbritannia å verta folkesett. Mange gjenstandar er funne frå steinalderen, bronsealderen og jernalderen.

Skriven historie om skottane kan førast attende til då Romarriket sine styrkar okkuperte det som seinare har vorte England og Wales. Det vart oppretta ein romersk provins, Romersk Britannia. Heilt i nord på øya var eit område som ikkje vart okkupert og styrt av romarane, Caledonia, og folket der kalla romarane for piktarar. Dei første skriftlege kjelder til skotsk historie er skildringar av utanforståande som observerte.

Skottland sin lange strid og krigar med England var grunnen til den skotske fridomskrigen og tvinga Skottland til å basera seg på handel, kulturelle og ofte strategiske bånd med andre europeiske nasjonar, spesielt Frankrike. Deretter fylgde Unionspakta og den skotske opplysningstida og den industrielle revolusjonen, og Skottland vart ein del av det mektige britiske imperiet.

Den industrielle nedgangen etter den andre verdskrigen vart spesielt hard, men i dei siste tiåra har landet hatt ei kulturell og økonomisk oppgangstid, med bakgrunn i revitalisert økonomi i tenestesektoren og utvinning av olje og naturgass frå Nordsjøen. Det har òg vorte oppretta eit avgrensa sjølvstyre med eige parlament.

Skottland i høgmellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Den 120 km lange Hadrians mur markerte grensa mellom Skottland i nord og Romarriket i sør med små festningar og ein port for kvar romersk mil. Det romerske herredømet strekte seg trass i dette lengre nord enn muren for ei kortare tid.
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.