Skotsk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sekkepipespelar kledd i tradisjonelt kiltutstyr.

Skotsk musikk er kjend for ein sterk folkemusikktradisjon med song på skotsk gælisk og engelsk og musikkinstrument som fele, trekkspel og sekkepipe. Musikklivet omfattar fleire kjende folk-rock-, pop- og rockeutøvarar som Cocteau Twins, Runrig, The Proclaimers, Eurythmics, Belle & Sebastian og Mogwai. Nokre kjende skotske komponistar innan kunstmusikk er Alexander Mackenzie, Judith Weir og engelskfødde Peter Maxwell Davies.

Nokre kjende skotske melodiar er «Auld Lang Syne», «Flower of Scotland», «Scotland the Brave», «Scots Wha Hae», «The Skye Boat Song», og «Loch Lomond». Tonesette dikt av forfattarar som Robert Burns og Robert Louis Stevenson er utbreidde.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Førhistorisk og tidlegmusikk[endre | endre wikiteksten]

Harpespelar på Monifeith-steinen laga av piktarar rundt år 700-900.

Strengeinstrument er kjende i Skottland frå jernalderen. Eit utskore trestykke frå øya Skye som er rundt 2300 år gammalt er truleg det eldste dømet på ei lyre utanfor den gresk-romerske verda, og det eldste overlevande strengeinstrumentet i Vest-Europa.[1] Som i andre keltiske område var skaldar viktige formidlarar av dikting og andre tradisjonar,[2] og finst dokumentert frå skotske hoff gjennom heile mellomalderen. Dei nytta ofte harpe til å akkompagnera seg sjølv.[3]

Skotsk kyrkjemusikk frå seinare i mellomalderen blei stadig sterkare påverka av utviklinga i Kontinental-Europa. Musikkteoretikaren Simon Tailler studerte til dømes i Paris på 1200-talet, før han vende tilbake til Skottland og reformerte kyrkjemusikken på fleire område.[4] Skotske musikksamlingar som Wolfenbüttel 677 frå 1200-talet, som er knytt til St Andrews, inneheld for det meste franske komposisjonar, men med nokre særmerkte lokale kjenneteikn.[4] Den engelske fangenskapen til Jakob I frå 1406 til 1423, der han blei velkjend som diktar og komponist, kan ha ført til ein vidare påverknad frå England og Kontinentet.[4] Seint på 1400-talet gjekk ei rekkje skotske musikarar i lære i Nederlanda, til dømes John Broune, Thomas Inglis og John Fety. Sistnemnde blei styrar av songskulen i Aberdeen og deretter Edinburgh, og innførte den nye femfingra spelemåten for orgel.[5] Jakob V (1512–42) var både ein dyktig luttspelar og ein viktig støttespelar for skotsk musikk. Han introduserte fransk chanson og consortmusikk (strengeensemble) ved hoffet og støtta komponistar som David Peebles (ca. 1510–1579).[6]

Den skotske reformasjonen, som var direkte inspirert av kalvinismen, var stort sett imot kyrkjemusikk med instrument, og fekk orgel fjerna. I staden la ein vekt på salmar med bibeltekstar i metrisk form.[5] Det viktigaste i skotsk reformasjonsmusikk er truleg A forme of Prayers som kom ut i Edinburgh i 1564.[7] Då den katolske dronninga Maria Stuart kom tilbake frå Frankrike i 1561 blei det skotske hoffet musikalsk fornya. Maria Stuart spelte lutt, virginal og var ein god songar.[8] Ho støtta mange musikarar, og fornya det kongelege kapellkoret i Stirling Castle. På grunn av orgeløydelegginga måtte akkompagnementet skje med trompet, tromme, sekkepipe og marsjfløyte.[8] Den viktigaste skotske komponisten frå denne tida var Robert Carver (ca. 1485–ca. 1570), som mellom anna skreigv motetten «O Bone Jesu» med nitten stemmer.[9] Også kong Jakob VI av Skottland var ein støttespelar for kunst og kultur, men etter at han også blei konge av England flytta det kongelege kulturelle tyngdepunktet til Westminster i London.[10]

Sekulær musikk[endre | endre wikiteksten]

Sekkepipespelar. Utskjering i tre frå rundt 1600.

Medan harpa tapte popularitet fekk sekkepipe ei stadig viktigare rolle i skotsk kultur. Ei nedteikning frå 1396 fortel av «krigspiper» (warpipes) blei brukt i slaget ved North Inch of Perth. Fleire sekkepiper, mellom anna ein eigen type frå dei skotske høglanda blir omtalt i eit dikt frå 1598 gjeve ut i The Complaynt of Scotland.[11] Ei primitiv skotsk fele, fydill, blei erstatta av den italienske fiolinen på 1600-talet, og har hatt ein viktig plass i dansemusikk over heile Skottland.[12] I tillegg til instrument har vokalmusikk alltid vore viktig i skotsk musikk. Ein særeigen type der stemmen erstattar instrument er puirt à beul, 'munnmusikk'.

Den eldste trykte samlinga av sekulær skotsk folkemusikk var Songs and Fancies: to Thre, Foure, or Five Partes, both Apt for Voices and Viols frå 1662, gjeve ut av John Forbes i Aberdeen. Verket inneheldt 77 songar, av dei var 25 av skotsk opphav. Dei fleste songane er av ukjend opphav, men nokre av dei er av engelske John Dowland.

1700-talet[endre | endre wikiteksten]

The Highland Wedding (1780) med musikk og dans, måla av David Allan.

Den italienske stilen i klassisk musikk kom truleg til Skottland gjennom Lorenzo Bocchi, ein cellist og komponist som reiste til landet i 1720-åra. Han innførte celloen til landet og komponerte arrangment for låglandsskotske songar. Bocchi kan ha vore med i skapinga av den første skotske operaen, The Gentle Shepherd, som diktaren Allan Ramsay skreiv libretto til.[13] Thomas Alexander Erskine var ein kjend komponist i si samtid på midten av 1700-talet, men blei gløymd kort tid etter at han døydde.[14]

Ein hadde byrja trykka skotske balladar på 1600-talet, men på 1700-talet kom fleire samlingar songar og melodiar. Døme på dette er Original Scotch Tunes (1700) av Playford, MS (1710) av Sinkler, Choice Collection of Comic and Serious Scots Poems both Ancient and Modern (1706-1711) av James Watson,[15] Orpheus Caledonius or a Collection of the best Scotch Songs set to Musick (1725) av William Thomson.[16] Komponisten James Oswald gav ut The Caledonian Pocket Companion i 1751, og folkemusikksamlaren David Herd gav ut The ancient and Modern Scots Songs, Heroic Ballads, &c. i 1769. Musikkforskaren James Johnson og diktaren Robert Burns brukte desse til den vektige samlinga The Scots Musical Museum (1787-1803) i seks band med over hundre songar i kvart. I denne samlinga bidrog også Burns med nyskrivne tekstar. Select Scottish Airs samla av George Thomson og gjeve ut mellom 1799 og 1818 inneheldt også stoff frå Burns og frå Walter Scott.

Skotsk felespel hadde eit høgdepunkt på 1700-talet, med legendariske felsepelarar som William Marshall og Niel Gow, og frå midten av hundreåret blei det gjeve ut notesamlingar med felemusikk, mellom anna av Nathaniel Gow, ein son av Niel som også var spelte fele. Barokke komponistar som Charles McLean, James Oswald og William McGibbon brukte skotsk felespel i sine komposisjonar.

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Den gæliske gjenfødinga seint på 1800-talet førte til ei sterkare skotsk nasjonalkjensle og gjenoppliving av folkemusikkskikkar. I 1891 blei Scottish Orchestra (1891), no Royal Scottish National Orchestra, grunnlagd.[17] Harpespel, som hadde døydd ut i Skottland i føre hundreåret, blei gjenoppliva med ei rekonstruert harpe. Denne blei kalla clàrsach (gælisk for 'harpe') sjølv om ho bygde meir på den franske konsertharpa enn det eldre folkeinstrumentet. [18] Nye instrument blei også innført i dette hundreåret, som trekkspel, som raskt blei ein del av folkemusikken.[19] Ein lang fløytetradisjon blei fornya med masseproduserte blekkfløyter, som etterkvart fekk ein minst like sjølvsagt plass.

Komponisten Alexander Campbell Mackenzie brukte skotsk musikk i Scottish Rhapsodies for orkester (1879–80, 1911), Pibroch for fiolin og orkester (1889) og Scottish Concerto for piano (1897).[20] John McEwen brukte også skotske folkemelodiar i Border Ballads (1908) og Solway Symphony (1911).[21] Andre skotske komponistar frå denne nasjonalromantiske perioden er mellom anna Hamish MacCunn og William Wallace.[22] Skottland inspirerte også tyske Felix Mendelssohn til å skriva to kjende verk: Overtyren Die Hebriden ('Hebridane') eller Die Fingalshöhle ('Fingal's Cave', 'Fingal-hola') og sin Symfoni nr. 3 eller «Den skotske symfonien».

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Den skotske musikkgruppa Bodega med kjende skotske folkemusikkinstrument: Harpe, gitar, trekkspel, fele og sekkepipe (border pipes).

På 1900-talet fekk skotsk folkemusikk merksemd frå fleire kantar. Felespelaren James Scott Skinner, eller «Strathspey King», blei den første internasjonalt kjende keltiske musikaren med nokre svært tidlege innspelingar. Musikksamlarar som Gavin Greig, Hamish Henderson og Calum McLean gav ut folkemusikksamlingar og samarbeidde med den amerikanske musikkforskaren Alan Lomax.

Frå 1950-talet blei folkemusikk framført på People's Festival i Edinburgh av songarar som John Strachan, Flora MacNeil, Jimmy MacBeath og Jeannie Robertson. Inspirert av gjenopplivinga av folkemusikk i amerikansk populærkultur fekk ein ny generasjon skottar augo opp for sine musikalske tradisjonar. Ewan MacColl oppretta ein av dei første folkemusikklubbane i Storbritannia, og musikarar som Alex Campbell, Jean Redpath, Hamish Imlach, Dick Gaughan, The Gaugers, The Corries, The McCalmans og Ian Campbell Folk Group gjorde seg gjeldande. Andy Stewart, Glen Daly og The Alexander Brothers hadde meir folkeleg tilnærming med bakgrunn i varietéunderhaldning.

To skotske rockemusikarar frå 1960-talet som hadde internasjonal innflytnad var Donovan (Donovan Phillips Leitch), ein songar-låtskrivar og gitarist innan folkrock og psychedelia, Jack Bruce (John Symon Asher Bruce), ein bassist og komponist innan blues-rock og jazz-rock som mellom anna var med i Cream, Manfred Mann og Ringo Starr & His All-Starr Band. Begge var inspirerte av skotsk musikk og litteratur.[23]

Skottland har også ein sterk jazztradisjon, og kjende musikarar innan denne sjangener er mellom anna Jimmy Deuchar, Bobby Wellins, Joe Temperley og saksofonisten Tommy Smith. Jazzscener er mellom anna JazzBar i Edinburgh, Edinburgh Jazz and Blues Festival, Glasgow International Jazz Festival og frivillige organisasjonar som Platform og Assembly Direct.

På 1970-talet byrja folk-rockgrupper som The Clutha eksperimentera med ulike instrument, og kom fram til ei typisk samansetjing av fele eller sekkepipe som melodiberande instrument med gitar eller bouzouki som akkompagnement. Bert Jansch, grunnleggjaren av Pentangle, og Davy Graham brukte bluesgitar og austleg musikk i samband med folkrock,

Runrig frå Skye er ei populær skotsk folkrockgruppe som har hatt internasjonal suksess.

Bert Jansch, grunnleggjaren av Pentangle, og Davy Graham brukte bluesgitar og austleg musikk i samband med folkrock, medan Incredible String Band bevegde seg i retning verdsmusikk med eit variert utval instrument. Ei rekkje nye grupper, som Silly Wizard, The Tannahill Weavers, Battlefield Band, Ossian og Alba, hadde alle tydeleg sekkepipebruk, ein tendens som kulminerte i 1980-åra med A Controversy of Pipers av Robin Morton. På slutten av 1970-talet byrja også fleire større grupper framføra songar på skotsk gælisk , som Play Gaelic av Runrig i 1978.

I tillegg til tradisjonelle folkesongar blei det også skrivne mange nye songar i same stilen, av musikarar som Matt McGinn, Archie Fisher, The Corries, Rab Noakes og Gerry Rafferty og Billy Connolly i «Humblebums». Låtskrivarane Bennie Gallagher og Graham Lyle opptrådde som ein duo og skreiv ei rekkje songar som blei framførte av fleire popartistar. Dougie MacLean starta i tradisjonelle grupper som Puddocks Well og Tannahill Weavers før han blei solomusikar og låtskrivar av kjende songar.

Annie Lennox under ein Eurythmics-konsert i 1980-åra

«Rein» pop og rock tok ikkje av så tidleg i Skottland som i England. Frå 1970-åra byrja grupper som Average White Band, Nazareth, Sensational Alex Harvey Band og Bay City Rollers å få internasjonal suksess. Fleire av medlemmene i AC/DC var fødde i Skottland, sjølv om dei hadde utvandra til Australia då gruppa blei danna. Den skostke songaren Fish var med på å grunnleggja den verdskjene prog-rockgruppa Marillion.

På 1980-talet hadde fleire skotske musikkartistar suksess, og grupper som Cocteau Twins, Orange Juice, The Associates, Simple Minds, Maggie Reilly, Annie Lennox (Eurythmics), Hue and Cry, Goodbye Mr. Mackenzie, Big Country, The Proclaimers og Josef K var omtykte av lyttarar og kritikarar.

Alternative og indieband frå denne tida er mellom anna Primal Scream, The Soup Dragons, The Jesus and Mary Chain, The Blue Nile, Teenage Fanclub, 18 Wheeler, The Pastels og BMX Bandits. 1990-talet såg fleire suksessfulle Glasgow-band som The Almighty, Arab Strap, Belle & Sebastian, Camera Obscura, The Delgados, Bis og Mogwai . Lengre fram i tid kom grupper som Franz Ferdinand, Biffy Clyro, Travis, Calvin Harris, KT Tunstall, Amy Macdonald, Paolo Nutini, The View, Idlewild, Shirley Manson fra Garbage, Glasvegas, The Fratellis og Twin Atlantic.

Klassisk og kunstmusikk[endre | endre wikiteksten]

Skottland har inspirert internasjonale komponistar som Malcolm Arnold og Benjamin Britten. Britten arrangerte fleire skotske folkesongar og brukte den gamle salmen «Dundee» i orkesterverket Scottish Ballad. Den engelske komponisten Peter Maxwell Davies har slått seg ned på Orknøyane.

Av heimfødde skotske komponistar kan nemnast modernistane Francis George Scott og J. Murdoch Henderson, som skreiv mange kortare komposisjonar, og etterkrikgskomponistane Robin Orr, Thomas Wilson, Thea Musgrave, Edward McGuire, James MacMillan, James Dillon, Gordon McPherson, John McLeod og Judith Weir. Filmkomponistane Muir Mathieson, Patrick Doyle og Craig Armstrong er også blitt internasjonalt kjende.

Kjende skotske utøvarar av klassisk musikk er mellom anna perkusjonisten Evelyn Glennie, pianisten Murray McLachlan, fiolinisten Nicola Benedetti, bratsjisten William Primrose, klarinettisten Alison Turriff, songarane Isobel Baillie, Henry Herford, Margaret Marshall og Kenneth McKellar og dirigentane Bryden Thomson, James Loughran, Donald Runnicles, Garry Walker og Alexander Gibson.

Skottland har tre internasjonalt kjende orkester: Royal Scottish National Orchestra (RSNO), BBC Scottish Symphony Orchestra (BBC SSO) frå Glasgow og Scottish Chamber Orchestra (SCO) frå Edinburgh. Det finst også fleire kammermusikkgrupper, som Hebrides Ensemble, som speler mykje samtidsmusikk, Edinburgh Quartet, Auricle Ensemble, Concerto Caledonia og Scottish Ensemble.

Dei sjølvstendige klassiske plateselskapa Linn Records og Delphian Records heldt til i Skottland.

Klassisk musikk i Skottland blir mellom anna framført på den årlege tre veker lange Edinburgh International Festival, East Neuk Festival og Sound finn stad i Nordaust-Skottland,[24] medan St Magnus Festival blir halden på Orknøyane.[25]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 'Europe's oldest stringed instrument' discovered on Scots island, news.stv.tv (28 March 2012); Skye cave find western Europe's 'earliest string instrument', bbc.co.uk (28 March 2012)
  2. M. J. Green, The Celtic World (London: Routledge, 1996), ISBN 0-415-14627-5, p. 428. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. W. McLeod, Divided Gaels: Gaelic Cultural Identities in Scotland and Ireland, C.1200-c.1650 (Oxford: Oxford University Press, 2004), ISBN 0-19-924722-6, p. 102. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  4. 4,0 4,1 4,2 K. Elliott and F. Rimmer, A History of Scottish Music (London: British Broadcasting Corporation, 1973), ISBN 0-563-12192-0, pp. 8–12. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  5. 5,0 5,1 J. Wormald, Court, Kirk, and Community: Scotland, 1470–1625 (Edinburgh: Edinburgh University Press, 1991), ISBN 0-7486-0276-3, pp. 58 and 118. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  6. J. Patrick, Renaissance and Reformation (London: Marshall Cavendish, 2007), ISBN 0-7614-7650-4, s. 1264. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  7. R. M. Wilson, Anglican Chant and Chanting in England, Scotland, and America, 1660 to 1820 (Oxford: Oxford University Press, 1996), ISBN 0-19-816424-6, s. 146–7 og 196–7. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  8. 8,0 8,1 A. Frazer, Mary Queen of Scots (London: Book Club Associates, 1969), s. 206–7. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  9. M. Gosman, A. A. MacDonald, A. J. Vanderjagt and A. Vanderjagt, Princes and Princely Culture, 1450–1650 (Brill, 2003), ISBN 90-04-13690-8, p. 163. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  10. T. Carter and J. Butt, The Cambridge History of Seventeenth-Century Music (Cambridge: Cambridge University Press, 2005), ISBN 0-521-79273-8, s. 280, 300, 433 og 541; P. Le Huray, Music and the Reformation in England, 1549–1660 (Cambridge: Cambridge University Press, 1978), ISBN 0-521-21958-2, s. 83–5. Oppgjevne av Engelsk Wikipedia.
  11. The bagpipe: the history of a musical instrument. Francis M. Collinson. Routledge, 1975 ISBN 0-7100-7913-3, ISBN 978-0-7100-7913-8. S. 132. Oppgjeve i en:Great Highland Bagpipe på Engelsk Wikipedia.
  12. Liz More, About Scottish Fiddle - Biography, allcelticmusic.com (November 2001)
  13. R. Cowgill and P. Holman, "Introduction: centres and peripheries", in R. Cowgill and P. Holman, eds, Music in the British Provinces, 1690-1914 (Aldershot: Ashgate, 2007), ISBN 0-7546-3160-5, p. 4.
  14. A. S. Garlington, Society, Culture and Opera in Florence, 1814-1830: Dilettantes in an "Earthly Paradise" (Aldershot: Ashgate, 2005), ISBN 0-7546-3451-5, pp. 19-20.
  15. Tittelblada i dei tre utgjevingane til Watson er datert 1706, 1709 og 1711.
  16. Thomson gav ut ei utvida utgåve i to band i 1733 med tittelen Orpheus caledonius: or, A collection of Scots songs.
  17. C. Harvie, No Gods and Precious Few Heroes: Twentieth-century Scotland (Edinburgh: Edinburgh University Press, 3rd edn., 1998), ISBN 0-7486-0999-7, p. 137.
  18. «Clarsach in modern Scotland», clarsachsociety.co.uk
  19. «The accordion», educationscotland.gov.uk
  20. J. N. Moore, Edward Elgar: a Creative Life (Oxford: Oxford University Press, 1999), ISBN 0-19-816366-5, p. 91.
  21. M. Gardiner, Modern Scottish Culture (Edinburgh: Edinburgh University Press, 2005), ISBN 0-7486-2027-3, p. 196.
  22. P. H. Scott, Scotland: a Concise Cultural History (Mainstream, 1993), ISBN 1-85158-581-8, p. 187.
  23. The Autobiography of Donovan: The Hurdy Gurdy Man; Harry Shapiro: Jack Bruce: Composing Himself. Oppgjevne av Engelsk Wikipedia.
  24. East Neuk Festival; Sound – North-East Scotland's Festival of New Music
  25. St Magnus Festival
  • Emmerson, George S. Rantin' Pipe and Tremblin' String – history of Scottish dance music. Second edition 1988. Galt House, London, Ontario, Canada. ISBN 0-9690653-3-7
  • Eydmann, Stuart "The concertina as an emblem of the folk music revival in the British Isles." 1995. British Journal of Ethnomusicology 4: 41–49.
  • Eydmann, Stuart "As Common as Blackberries: The First Hundred Years of the Accordion in Scotland." 1999. Folk Music Journal 7 No. 5 pp. 565–608.
  • Eydmann, Stuart "From the "Wee Melodeon" to the "Big Box": The Accordion in Scotland since 1945." The Accordion in all its Guises, 2001. Musical Performance Volume 3 Parts 2 – 4 pp. 107–125.
  • Eydmann, Stuart The Life and Times of the Concertina: the adoption and usage of a novel musical instrument with particular reference to Scotland. PhD Thesis, The Open University 1995 published online at www.concertina.com/eydmann [1]
  • Hardie, Alastair J. The Caledonian Companion – A Collection of Scottish Fiddle Music and Guide to its Performance. 1992. The Hardie Press, Edinburgh. ISBN 0-946868-08-5
  • Heywood, Pete and Colin Irwin. "From Strathspeys to Acid Croft". 2000. In Broughton, Simon and Ellingham, Mark with McConnachie, James and Duane, Orla (Ed.), World Music, Vol. 1: Africa, Europe and the Middle East, pp 261–272. Rough Guides Ltd, Penguin Books. ISBN 1-85828-636-0
  • Gilchrist, Jim. "Scotland". 2001. In Mathieson, Kenny (Ed.), Celtic music, pp. 54–87. Backbeat Books. ISBN 0-87930-623-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skotsk musikk