Skriftprojektor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein skriftprojektor som syner teksten på eit ljosark på ein skjerm.

Ein Skriftprojektor, er eit apparat som syner ein forstørra verson av tekst og bilete på tei transparent ark (eit ljosark) på ein skjerm.

Verkemåte[endre | endre wikiteksten]

Apperatet har ei kraftig ljoskjelde på baksida (under) av ljosarket som skal synast fram. Tekst og bilete på ljosarket er heilt eller delvis ugjennomsynlege, medan resten er transparent. Etter å gått gjennom ljosarket vert retninga på ljoset endra av ein spegel, før ei linse fokuserer det mot skjermen der innhaldet skal synast fram.

Det har òg vorte laga skriftprojektorar der materialet som skal synast fram er prenta, eller skive, på ei lang transparent plastfilm, som er lagra på ein rull. Under framsyning vert filmen rulla fram bilete for bilete og samla på ein annan rull.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste skriftprojektorane dukka opp på 1960-talet og utover 1970-talet vart dei vanlege på konferansar, møte og undervisning. Skriftprojektor er svært fleksible på det viset at dei kan syna trykt tekst, handskrift, fotografi, handteikna skisser, og så vidare. Dei var enkle i bruk og hadde den føremonen at ein kunne legga til tekst og skisser med tusj medan ein forklarte. Etter at det vart vanleg med videoprojektorar har skriftprojektorane gått ut av bruk.