Skritteljar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eldre, mekanisk skritteljar.
Moderne, elektronisk skritteljar.

Ein skritteljar eller pedometer er eit apparat til å telje mengda skritt brukaren går. Ein pendel i skritteljaren svingar i takt med rørsla til kroppen for kvart skritt ein tek, og verkar på eit teljeverk som angjev dei mengder skritt som er gjort.

Det er tilrådd at ein kvar dag går 10 000 skritt dersom ein vil ha ein aktiv livsstil. Det svarar til omkring 8 km eller godt over ein times gonge. Skal ein gå ned i vekt, bør ein opp i 15 000 til 20 000 skritt kvar dag.[treng kjelde]

Skritteljarane kan i dag vere innebygd som ein funksjon i andre typar berbar elektronikk som MP3-spelarar og mobiltelefonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]