Skrivekunst-akademiet i Hordaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skrivekunst-akademiet i Hordaland er ein skule i Bergen som tilbyr eit eittårig kurs i «skapande skriving» på universitets- og høgskulenivå. Kvart år tek skulen opp tolv studentar. Søkjarar må senda inn «ti-femten sider nyskriven tekst av skjønnlitterær karakter» innan 20. april det året studiet tek til.[1] Svar kjem i regelen i løpet av mai. Studentane går gjennom kurs, som gjerne strekkjer seg over to veker, i dei viktigaste sjangrane i skjønnlitteraturen, så som til dømes poesi, noveller, kortprosa og romanprosa. Fast tilsette i 2008 er leiaren, Olaug Nilssen, skrivelærarane Tormod Haugland, Øyvind Rimbereid og Gunnhild Øyehaug og skrivarfullmektigen Kjersti Rorgemoen.[2]

Forfattaren Rolf Sagen skipa Skrivekunst-akademiet i 1985. Skrivekunst-akademiet har lokala sine i kulturhuset USFNordnes, og vert i all hovudsak finansiert av fylkeskommunen.

Mange, mellom dei Skrivekunst-akademiet sjølv,[3] hevdar at Skrivekunst-akademiet er det mest etterspurde utdanningstilbodet på dette området i Noreg, og mange av studentane går seinare vidare på meir omfattande kurs, som til dømes Litterär gestaltning i Göteborg. Mange av studentane som har gått på Skrivekunst-akademiet har debutert som forfattarar, mellom dei den chilensk-norske poeten Pedro Carmona-Alvarez og førdianaren Olaug Nilssen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]