Skrubbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skrubbe
Skrubbe
Skrubbe
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Flyndrefisk Pleuronectiformes
Familie: Flyndrefamilien Pleuronectidae
Underfamilie: Pleuronectinae
Stamme: Pleuronectini
Slekt: Platichthys
Art: Skrubbe P. flesus
Vitskapleg namn
Platichthys flesus

Skrubbe er ei flyndreart som lever på grunt vatn på sand- og mudderbotn ved europakysten. Ho er i nær slekt med raudspetta, men skil seg frå denne med dei spisse beinknutane langsmed sidelinja og med rygg- og gatt-finna. I tillegg er ho, som namnet tilseier, skrubbete å ta på.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skrubba er ein flat brun fisk med raude flekkar. Ho er vanlegvis høgrevendt, men det motsette førekjem rett som det er. Skrubba er ikkje så veldig stor, vanleg lengd er mellom 25 og 40 cm. Ein kjenner likevel til individ som har målt oppe i ein meter og har vegd 7 kg.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Skrubba er mellom dei mest tilpasningsdyktige flyndreartane, og lever frå Nord-Noreg og den vestrussiske kysten til heilt inst i Middelhavet. Ho er særs hardfør overfor både temperatur og saltinnhald, og vert ofte observert langt oppe i elvar.

Nytteverdi[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har det aldri vore noko særleg fangst av skrubbe, men i landa rundt Austersjøen har ho vore ein vanleg matfisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]