Skrujarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skrutrekkjar)
Eit skrujarn

Eit skrujarn eller ein skrutrekkjar er ein reiskap for å feste eller løyse skruer med.

Eit enkelt skrujarn består av eit handtak, ei klinge og ein tupp. Handtaket er vanlegvis av plast, men tidlegare var tre mest vanleg. Klinga er vanlegvis av stål, og tuppen består vanlegvis av ei hard legering.

Skrujarn vert vanlegvis klassifiserte etter sporet på tuppen. Dei vanlegaste er flatt spor, krysspor og pozidriv. I seinare år har også Torx vorte meir vanleg, også sekskant har fått stor utbreiing etter at sjølvbyggmøblar kom på marknaden for eit par tiår sidan. Andre meir uvanlege spor er ulike såkalla tryggleiksspor som vert brukte for å hindre at forbrukarar får tilgang til visse stader.

Skrujarn finst i manuelle og elektriske utgåver. Eit elektrisk skrujarn har som regel utskiftbare tuppar. Den enklaste manuelle utgåva er skildra ovanfor, men det finst òg skrujarn med skrallefunksjon og slagjarn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]