Skrustikke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skruvstikke)
Arbeid med eit emne festa i ei benkeskrustikke.
Ulike skrustikker: A er ei skrustikke som kan festast til ein benk med ei skruklemme og lett flyttast, grei til hobbyarbeid til dømes (4 er den delen av skrustikka, den rørlege bakken, som ein skrur innover med skrua 2 for å presse emnet fast mot den andre bakken, 3); B er ei maskinskrustikke som skal setjast fast på bordet på ei søyleboremaskin eller borestativet til ein drill eller liknande for å halde emnet på plass under boringa eller fresinga; C er ei skrustikke eller fileklo som skal haldast i handa for å få skikkeleg tak på eit mindre emne under arbeidet.

Skrustikke ei eit klemmeverktøy som vert nytta for å halda fast gjenstandar eller emne som ein arbeider med. Emne eller gjenstandar av metall vert ofte festa i ei skrustikke når det skal filast, borast, sveisast eller liknande. I mekaniske verkstader, bilverkstadar, smiar og andre tilsvarande profesjonelle arbeidsplassar har ein som regel til rådvelde fleire skrustikker i ulike storleikar.

Skrustikke bolta fast til benken.
Maskinskrustikke.

Benkeskrustikka, som er fast montert på ein arbeidsbenk ved hjelp av boltar, eller festa til benken med ei skruklemme, er den mest vanlege typen skrustikker, kjend frå både profesjonelle verkstader og hobbyrom i tallause variantar og storleikar. Bakkane, som er dei to delene av skruvstikka som held gjenstanden eller emnet fast, kan vere av stål, som er det vanlege, men i somme høve òg av plast eller hard gummi for å hindre skadar på emnet. I bakkane kan det vere spor som gjer det mogleg å setje fast runde emne i stikka.

Ein annan type er maskinskrustikka. Ho er laga for å setjast fast i ei maskin, slik at emnet som vert festa i stikka kan verte forma eller bore hol i maskinelt. Slike skrustikker kan ha ein mekanisk eller hydraulisk innretning som gjev høgare spennkraft enn ein kan få med handemakt.