Skuggelegging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kunstnar skuggelegg ein teikning av Nelson Mandela.

Skuggelegging er ein teikneteknikk mest brukt til kol- og blyantteikningar. Skuggen blir brukt for å framheve den plastiske forma i det ein har teikna. Teknikken kan også brukast i måleteknikken grisaille, medan ein i vanleg måleri oftast brukar fargevariasjonar til å framstille skuggar og former.

Ved å variere dekkinga av sverting ved hjelp frå skravering eller jamn utstryking, kan ein få fram heile gråtoneskalaen frå svart til kvit. Bruk av viskelêr eller knetgummi kan brukast på dei sverta flatene for å løfte partia tilbake til lysare grå.

Mange kunstnarar lét berre tjukkleiken på streken framheve tredimensjonaliteten og overlét resten til forestillingsevna hjå tilskodaren.

Det er også mogleg å skuggeleggje ved å bruke større og mindre svarte prikkar som blir spreitt. Brukt av ein kunstnar kan teknikken kallast svart-kvit-pointillisme, medan den er meir kjent i maskinframbrakt utgåve, kjent som rasterteknikk.

Denne teknikken blei brukt for å «lese av» fotografi slik at ein kunne lage trykkplater til bruk i blad, aviser og bøker. Prinsippa var dei same som for svart-kvit-TV, og er også vidareført til dagens elektroniske bilet- og trykksaksframstilling, berre med fargar i tillegg.

Se også[endre | endre wikiteksten]

  • Skravering, skyggelegging og gråtonar ved hjelp av strekmønster
  • Rastrering, skyggelegging og gråtonar ved hjelp av punktmønster
  • Chiaroscuro, bilete der kontrasten mellom lys og mørke er viktig
  • Grisaille, måleri hovudsakleg i gråtonar
  • Lavering

Kjelder[endre | endre wikiteksten]