Skulderhøgda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knoklane og leddbanda i skuldra. Skulderhøgda er skildra som acromion øvst til høgre på biletet.

Skulderhøgda (gresk: acromion, akros – «høgast», ōmos – «skulder», fleirtal: acromia), på norsk òg kalla akromion, er eit beina framspring på skulderbladet, scapula, sin laterale vinkel. Framspringet er trekanta og avlangt og dessutan det laterale framhaldet av skulderkammen, spina scapulae, og det bøyger seg over skulderleddet som ein krok saman med ramnenebbet, proc. coracoideus. Skulderhøgda dannar leddet mot kragebeinet som ein kallar akromioclaviculærleddet.

Sidan beinvev er eit levande vev, så vil det som alle andre vev halde fram med å skifte ut celler. Det er ikkje uvanlig at det blir danna litt for mykje beinvev på undersida av skulderhøgda. Om dette irriterer det underliggjande vevet, kan ein få betennelse i bursaen bursa subacromialis, bursitt, eller på utspringssena til m. biceps brachii, tendinitt. Desse smertefulle tilstandane blir med eit samnavn kalla impingementsyndrom sidan det kan vere særs vanskelig å skilje desse to.

Flater[endre | endre wikiteksten]

Den konvekse oversida er grov og retta oppover, bakover og lateralt. Fordi ho er subkutan, det vil seie direkte under huda, utanom der nokre av m. deltoideus sine fibrar spring ut frå, så kan ein sjå skulderhøgda godt på fleire individ. Undersida er jamn og konveks, og kviler mot ein bursa, ein slimpose som hindrar friksjon i leddkapselen.

På den tjukke, ujamne laterale kanten finst tre eller fire beinknutar som tener som utspring for nokre av fibrane til m. deltoideus. På den konkave mediale kanten er knokkelen kortare enn på den laterale, og denne sida er feste for den midtre delen av m. trapezius, pars transversus. Midt på den mediale kanten ligg den vesle ovale yta kvar kragebeinet si laterale ende artikulerer mot skulderbladet i akromioclaviculærleddet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]