Skule Bårdsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skule Bårdsson

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1189
Rissa kommune
Død

24. mai 1240 (51 år)

Yrke Regent
Far Bård Guttormsson
Mor Ragnfrid Erlingsdatter
Ektefelle Ragnhild
Skule Bårdsson på Commons
Frå seglet til Skule Bårdsson

Skule Bårdsson eller Hertug Skule, gamalnorsk Skúli Bárðarson, (fødd 1189, død 24. mai 1240) var ein norsk adeleg, jarl, hertug og kongsemne.

Skule var fødd om lag i 1189. Han var son av Bård Guttormsson og halvbror av kong Inge Bårdsson. Då Inge døydde i 1217 vart den 13 år gamle Håkon Håkonsson konge mot Skule sitt kandidatur, men Skule, som hadde tittel av jarl, fekk mykje av den røynlege makta og arva alt godset etter bror sin. Etter kvart som Håkon vart vaksen utvikla det seg ein maktkamp mellom Håkon og Skule. Som forsøk på å forsona dei to gifta Håkon seg med dottera til Skule, Margrete Skulesdotter, i 1225. I 1237 fekk Skule tittelen hertug. Dette var ikkje nok til å stagga ambisjonane hans, og i 1239 fekk han gitt seg sjølv kongsnamn på Øyrating.

Flokken til Skule vart kalla vårbelger. Han tok kontroll over Trøndelag før han reiste sørover mot Oslo. Vårbelgene vann eit slag ved Låka i Nannestad, men i mai 1240 vart han slegen av kong Håkon og hæren hans i Oslo. Skule reiste attende til Nidaros. Då Håkon sine men kom til byen flykta han til Elgeseter kloster. Der vart han drepen av kong Håkon sine menn og klosteret brend ned.

Mellom anna islendingen og sogeskrivaren Snorre Sturlason stod på sida til Skule i striden.

Skule Bårdsson er ein av dei mest omdiskuterte personane i norsk mellomalderhistorie. Historikarar har ofte tatt parti for anten Håkon Håkonsson eller Skule. P.A. Munch, som var svært innflytelsesrik mellom historikarar på 1800-talet, såg Håkon som den store modernisatoren, og Skule som representant for ei svunnen tid. I mot dette synet står Halvdan Koht, som gav eit brennande forsvar for Skule i artikkelen "Skule jarl" i Historisk tidsskrift i 1924. Her vert Skule presentert som den gåverike statsmannen som gjorde slutt på borgarkrigstida og samla landet, men vart felt av Håkon Håkonsson og mennene rundt han sine eigeninteresser. Sikkert er det at Skule ser ut til å ha gått inn i maktkampen mot Håkon med alle korta i sine hender, men likevel klarde å tapa. Likevel vart det etterkomarane hans, gjennom dottera sitt giftarmål med Håkon, som styrte landet vidare etter at dei begge var døde.

Henrik Ibsen sitt skodespel «Kongsemnerne» frå 1863 handlar om striden mellom hertug Skule og kong Håkon.