Skulefritidsordning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Skulefritidsordning, forkorta til SFO, er eit friviljug, kommunalt tilbod om barnepass for elevar på 1. til 4. årstrinn i barneskulen i Noreg. Born med spesielle behov har plass fram til 7. klasse. Kvar kommune har si eiga skulefritidsordning.

Føresette som treng barnepass lengre enn skuletida, til dømes grunna eigen jobb, kan la borna gå på SFO før og etter vanleg skuletid, ofte frå klokka 07.00 til skulestart og frå skuleslutt til 17.00 kvar skuledag. SFO har vanlegvis stengd i romjola, påskeveka og i fellesferien i juli. Sjølv om skulefritidstilbodet som oftast føregår i lokala åt skulen og rektor er formelt ansvarleg, er det ikkje eit pedagogisk tilbod med undervisning. I staden kan borna leika, spela, gjera formingsaktivitetar, lesa lekser etc. under oppsyn av vaksne. Borna får også mat på SFO.

Innhaldet samt organiseringa er eit kommunalt ansvar, men det eksisterer også private skulefritidsordningar.

Frå 1950- til 1980-talet var det såkalla fritidsheimar i Noreg. Desse var ikkje knytt til skulen. Mot slutten av 1980-åra vart dei erstatta av SFO. Skulefritidsordningane er lovfeste i opplæringslova av 1998 og vert finansierte med foreldrebetaling, øyremerkte statlege tilskot til kommunane og eventuelle lokale tilskot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]