Skulemål i Hordaland og Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hordaland er eit av fylka kor nynorsken har stått sterkast som skulemål, samstundes som det har vore vesentlege endringar dei seinaste tiåra. Allereie på 1860-talet var det somme lærarar som nytta bygdemålet (dialekt) i skulen. Både i Modalen og Hosanger vart nynorsken innført i 1890, to år føre skulestyra med lova i handa kunne avgjere målform i skulekrinsane. Utviklinga for målet har i dei store draga vore eins i mestedelen av fylket, men nokre herad og byen Bergen med omland (Strilelandet) skil seg ut. Det er såleis eit fylke som femner ulike drag i utviklinga for nynorsken.

Dialektane i Hordaland høyrer til sørvestlandsk eller a-mål, Sunnhordlandsmål og Strilamål til den ytre delen og Harding og Vossamål saman med Indre sognemål til den indre delen av desse måla. Alle måla ligg nærast den nynorske skriftforma, medan Bergensmålet er særmerkt ved at det skil seg sterkare frå måla i omlandet enn nokon annan by i Noreg. Det vert gjerne rekna å liggje nærast riksmålet, eit kjent døme er fråværet av hokjønn: en jente - jenten. Det er ikkje til å undrast at kontrastane mellom Bergensk og Strilamålet har gjeve den seigaste målstriden i landet.

Endringa av kommunestrukturen i Hordaland på 1960-talet var den mest omfattande i heile landet. Fleire småherad vart slegne saman til større, mange einskilde herad delte opp og innlemma i fleire av dei nye einingane. Bergen som inntil då hadde vore var eige fylke, innlemma i 1972 omlandsherada Arna, Fana, Laksevåg og Åsane. Dei opphavlege 56 herada og byen Bergen vart slegne saman til 33 kommunar. I 1977 vart Eidfjord skild ut att frå Ullensvang, og i 2002 vart Ølen overført til Rogaland, såleis at det no er 33 kommunar i heile fylket.

Kommunetal i Hordaland og Bergen1
Distrikt 1960 1970 2010
Sunnhordland 16 8 7
Hardanger 9 6 7
Voss 3 1 1
Midhordland 13+11 12+11 9
Nordhordland 15 9 9
Samla 57 37 33
1Bergen eige fylke til 1972.

Hordaland[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk skulemål i Hordaland
1945 1975
2000 2016

På eit lærarmøte i Jondal i 1866 vart det ein hard målstrid, då somme ville ta inn heimemålet i skulen, medan andre sette seg imot. På eit lærarmøte i Bergen i 1868 vart det sagt at "det var simpelthen en nødvendighet at bruke bygdemålet på landsbygden". I 1890 gjekk dei fyrste skulekrinsane, i Modalen og Hosanger, over til nynorsk (landsmål), saman med Bygland i Aust-Agder som dei fyrste i heile landet. Dei neste målbyta kom i Lindås, Stord (1898), Kvinnherad, Vikøy/Øystese (Kvam) (1899). I år 1900 hadde 92 heradskrinsar (16,1%) teke nynorsken, etter Telemark den nest høgaste delen i landet. Utover på 1900-talet var det eit jamnt målbyte, og i 1910 hadde eit flerital (56%) av heradskrinsane nynorsk. I denne tidsbolken fekk målet innpass i alle herada kring Hardangerfjorden frå Varaldsøy til Eidfjord og Voss, medan det i herada langs kysten var meir blanda. I heile fylket var det nynorsk i 37 av herada, medan 25 av dei hadde fullført målbrigdet.

I samband med industribygginga vart det på denne tida målstrid i industristadane Odda og Tyssedal, noko som enda med at bokmålet (riksmål) fekk innpass at. I Odda vart det skipa parallellklassar i bokmål frå 1914, medan det vart hovudmål i Tyssedal frå 1916 - noko som framleis er stoda. Einskilde andre krinsar i Ulvik og Bruvik gjekk òg attende på denne tida. Elles gjekk målbyta i dei fleiste tilfella utan særleg strid, såleis at fram mot 1925 fekk nynorsken innpass i resten av herada, unnateke Sveio, Fjelberg og Bømlo, alle i Sunnhordland. I Laksevåg som i røynda var ein forstad til Bergen, fekk målet til liks med byen aldri innpass (sjå under). Til saman 379 heradskrinsar (72%) hadde no teke målet, med Bergen var det til saman 58% nynorskelevar.

Kring andre verdskrigen var målbrigdet fullført i 47 av herada i Hordaland, og i 1945 hadde kring 82% av elevane nynorsk, det høgaste talet for Hordaland nokonsinne og nest etter Sogn og Fjordane det høgaste i heile landet då. Unnataka var herada kring Bergen: Askøy, Fana og Åsane, samt industristaden Odda som i noko monn heldt på bokmålet. Einskilde bokmålskrinsar fanst òg i Bremnes, Etne, Fitjar, Tysnes og Ulvik.

I 1975 har òg desse herada fullført målbrigdet, og det er ein monaleg auking for nynorsken i Odda. I Kvinnherad vart det frå midten på 70-talet til utpå 80-talet skipa bokmålsklassar på Husnes, her òg grunna industribygging. Bergen har no innlemma omlandsherada (sjå under), medan det i dei andre omlandsherada berre er Askøy, og i nokon monn Os kor nynorsken har attergang. I heile fylket er det 47% nynorskelevar, dei har vore i mindretal sidan 1965.

Fram mot 2000 held nynorsken på framgangen i Odda, medan det i omlandet kring Bergen no er eit tydeleg drag at bokmålet er aukande (sjå Bergens omland). I heile fylket er det 45% nynorskelevar. Går ein til 2016 er det framleis stoda nå stabil for nynorsken i Odda, medan målet har stendig attergang i kommunane i kring Bergen (sjå under). I dei andre kommunane i Hordaland står nynorsken framleis sterkt, med frå 95 til 100%, i heile fylket har noko under 4 av 10 elevar nynorsk dom hovudmål.

Bergen[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk skulemål i Bergen
1945 1970
2000 2016

Det særskilde riksmålsnære målet i Bergen var ein hovudårsak til at nynorsken ikkje fekk innpass i byen medan omlandet i stort monn tok målet utover på 1900-talet. Bergen var som nemnd eige fylke til 1972, då dei kringliggande herada Arna, Fana, Laksevåg og Åsane vart innlemma i den nye storkommunen, som igjen gjekk frå å vere eige fylke til å høyre til Hordaland fylke.

Allereie seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet voks byen ut or sine grenser og danna forstadar i granneherada, fyrst i Årstad som vart innlemma i byen 1915, deretter i Laksevåg og Fana, og seinare i Åsane. Det var bergensarar som flytta ut or byen og i desse ytre bydelane fekk naturleg nok ikkje nynorsken innpass. I 1945 hadde Bergen by og Laksevåg ikkje nynorskelevar i det heile, medan det i Fana var 32% nynorsk og Åsane 72%. Arna låg verna "attom" fjella og vart ikkje på same måten knytt til byen. På same viset som resten av heradet Haus, som det høyrde til, hadde Arna berre nynorskelevar. I heile den komande storkommunen var det om lag 11,2% nynorsk.

Fram mot 1970, to år føre kommunesamanslutningen, var det monaleg stor attergang for målet i Fana (no 10% nynorsk) og Åsane (23%). I Arna som frå 1964 var eige herad, heldt nynorsken posisjonen (94%). I dei sentrale bydelane Bergenhus, Fyllingsdalen (overført frå Fana i 1955), Laksevåg og Årstad, var bokmålet einerådande. I heile den komande storkommunen var det 10,6% nynorsk.

I 2000 har målet monaleg attergang i alle dei nye bydelane: Åsane (no 5,9% nynorsk), Ytrebygda (3,6%) (tidlegare del av Fana) og Fana (1,8%), og eit nytt drag er at nynorsken er i attergang i Arna (62%). Det har i desse åra vore ein stor attergang i skular med nynorsk som hovudmål i bydelane Fana, Ytrebygda og Åsane.

Går ein til 2016 er nynorsken borte som skulemål i Ytrebygda, og svekt seg vidare i Fana (0,3% nynorsk) og Åsane (2,5%). Det er berre ein skule i kvar av desse bydelane som held på nynorsken, Riple i Fana og Salhus i Åsane. Medan alle skulane i Arna held på nynorsk som hovudmål, er det no fleirtal av nynorskelevar berre på Haugland (100%) og Trengereid (74%), på dei andre seks skulane ligg delen nynorskelevar på 18-25%. Totalt i Arna er det kring 25% nynorskelevar, som har vore i mindretal i bydelen sidan 2008.

Bergen er den einskilde kommunen i landet med det høgaste talet på målrøystingar, tjue i talet. Det har vore fleire røystingar i nokre krinsar, så talet på krinsar er berre tolv. Det nedslåande utfallet i alle utan ein krins er at bokmålet til slutt har vunne (i somme krinsar etter to eller tre røystingar). Den einskilde av desse skulane som framleis held på målet er Ådnamarka, men det er òg berre i namnet sidan berre om lag 22% av elevane har nynorsk.

Bergen er det sterkaste dømet på korleis bokmålet breier seg ut frå eit bysentrum til omlandsstroka, i takt med at dei vert urbanisert (sjå under). Held utviklinga fram er det mykje som tydar på at bokmålet vert nærast einerådande i Bergen innan eit tiår.

Bergens omland[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk skulemål i Bergens omland
2000 2016
Rosa strek syner den såkalla Bergensbyen, medan gul strek syner kommunane i Bergens omland kor bokmålet i nokon mon har fått innpass.

Bergens omland vert ofte kalla Strilelandet, noko som frå gamalt av vart rekna som dei bygdene ein kunne ro frå til byen på ein dag. Gjennom massiv bru- og tunnellbygging har særleg kommunane vest (i Midhordland) og nord (i Nordhordland) for Bergen vorte knytt stendig nærare byen, noko som har gitt desse kommunane ei monaleg auking i folketalet særleg gjennom tilflytting. Ein biverknad av denne folkevoksteren er diverre presset på nynorsken, i Bergens omland har bokmålet dei seinaste tiåra hatt ein kraftig ekspansjon inn i kjerneområdet hjå målet.

Sotra (Fjell og Sund kommunar) og Øygarden vart knytt til Bergen med Sotrabrua allereie i 1972, noko som gav ei tvifald auking i talet på innbyggjarar i Fjell på to tiår og trifald auking på fire tiår, medan folketalet har dobla seg på førti år i Sund og auka med 70% i Øygarden. Askøy vart landfast i 1992 med Askøybrua, og på noko mindre enn tjue år har det vore ei auking på 34% i folketalet. Mot nord vart Nordhordlandsbrua opna i 1994 og Lindås og Meland fekk med det fastlandsforbindelse med Bergenshalvøya og sidan det har folketalet auka med høvesvis 20% og 46%.

Bergen by hadde allereie tidleg i desse åra i røynda vakse ut i grannekommunane, såleis at ein kan gjere bruk av nemninga Bergensbyen som òg femnar om Litle-Sotra i Fjell og søre Askøy. Arna bydel vart som nemnd ikkje på same viset knytt til byen og er såleis ikkje ein del av Bergensbyen.

Kring Bergensbyen er det eit påfallande drag at bokmålet har styrkt seg i kommunane med folketalsauke, såleis at ein kan avgrense eit Bergens omland som femner om Arna (bydel), Os, Sund, Store-Sotra i Fjell, Øygarden, Nordre Askøy (tidlegare Herdla herad), Meland og Lindås. Felles for desse er at bokmålet har fått monaleg innpass og er stendig aukande.

Målrøystingar og målbyte[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1965 har det vore til saman 30 målrøystingar i Hordaland: Askøy (6), Bergen (19), Bømlo (2) og Fjell (3), og av dei har nynorsken vunne 13. Dei seinaste to var i Askøy i 2010 og gav fleirtal for nynorsken.

I desse åra har totalt 17 krinsar bytt til bokmål, medan ein sammenslegen krins tok att nynorsk (Ådnamarka i 1997).

Samanfatning[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk skulemål i Hordaland
Område 1945 1970 2000 2005 2012
Bergensbyen1 8,8% 5,9% 3,2% 2,3% 1,2%
Bergens omland2 100% 98,4% 85,1% 79,3% 67,2%
Rest-Hordaland 93,9% 95,9% 97,1% 96,5% 96,8%
Hordaland 58,1% 46,9% 45,1% 42,1% 38,8%

1Bergen utan Arna, Søre Askøy, Litle-Sotra
2Arna, Os, Sund, Store-Sotra, Øygarden, Nordre Askøy, Meland, Lindås.

I Hordaland har bokmålet styrkt si dominerande stilling i Bergen og dei bynære delane av Askøy og Fjell, den såkalla Bergensbyen. I 2012 er det berre om lag 1% av elevane i desse byområda som held på nynorsken som hovudmål. Det er òg tydeleg at folketalsaukinga i kommunane kring Bergen er ein vesentleg faktor for ekspansjonen hjå bokmålet i desse kommunane. Her har delen nynorskelevar minka frå 85% i 2000 til 67% i 2012, det er no bokmålselevar på barnetrinnet i desse kommunane. Det er ikkje noko tydar på at utviklinga vil snu og det er difor truleg at bokmålet kjem i fleirtal av fleire av desse kommunane innan eit tiår.

I resten av Hordaland er stoda for målet mykje betre, delen nynorskelevar held seg stabilt kring 97% i tida 2000-11. Her er det berre nokre bokmålselevar på ungdomstrinnet, unnateke Odda som har bokmålselevar på to barneskular. Ein kan nok trygt rekne at sidan desse kommunane ligg utanfor ekspansjonsområdet til Bergensbyen vil nynorsken halde på si dominerande stilling. Eit unnatak er moglegvis Sveio, som grunna nærleiken til Haugesund venteleg vil få ein monaleg minking for nynorsken, òg nemnde Odda som held fram som måldelt kommune med båe målformene i skulane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]