Skulemål i Rogaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rogaland er til liks med dei andre vestlandsfylka blant fylka der nynorsk har stått sterkast som skulemål, men det drygde til 1905 med dei fyrste krinsane og vart såleis det siste fylket på Vestlandet. I det heile har delen av nynorskelevar vore nokre lågare enn dei andre vestlandsfylka, men høgare enn dei resterande av landets fylke. Målet fekk innan andre verdskrigen innpass i alle herad utan to, men ikkje i nokre av byane (sju i talet). Sidan har oppslutnaden vorte meir enn halvert, og mellom dei ulike distrikta i fylket er det store skilnader på kor godt nynorsken har halde seg.

Dialektane i Rogaland høyrer til sørvestlandsk eller a-mål, og ligg nærast den nynorske skriftforma. Stavangersk er som bymål flest rekna som "finare" enn måla ikring, men ikkje med så stor skilnad som i høve Bergensk og strilamål. Haugesundsk er mykje breiare og skil seg ikkje så mykje frå måla ikring på Haugalandet. Ryfylke har ikkje ei eins dialekt, som t.d. sunnhordlandsdialekta i Sunnhordland. I staden varierer måla frå sør til nord, sør for Hjelmeland ligg ein nærast stavangerdialekt, medan måla i nord ligg nærast haugesundsdialekta. I Suldal er det mål som ligg mellom stavanger- og haugesundsdialekt, særleg på Sand og sørover langs austsida av Sandsfjorden. I Sauda er dialekten mindre rogalandsprega, då den er utvatna og blanda med dialektar frå andre stadar i landet etter industrialiseringa frå fyrste halvlekken av 1900-talet. Jærsk omfattar kanskje dei mest særprega måla i Rogaland, og vert oftast delt i eit nordleg og eit sørleg område. Største skilnaden er pronomenet «oss», som nord om Håelva er «osse», medan det sør om elva er «okke». Di lenger nord ein kjem på Jæren, jo meir gjer stavangermålet seg gjeldande.

Dei store kommunesamanslutnadene på 1960-talet førte til meir enn ei halvering av talet på kommunar i Rogaland, til dømes innlemma alle byane ein eller fleire av granneherada. (Ladestaden Sogndal vart slegen saman med Sokndal allereie i 1944, medan Haugesund innlemma Skåre i 1958.) Karmøy fekk ein av landets mest omfattande kommunesamansluttingar då to byar og fem herad vart slegne saman til ein ny storkommune. Sidan har det vore særs få kommuneendringar, dei einaste var i 2002 då Ølen vart overført frå Hordaland og i 2006 då Ølen vart innlemma i Vindafjord. Såleis har fylket no det same talet på kommunar som i 1970.

Kommunetal i Rogaland
Distrikt 1960 1970 2010
Dalane 8 4 4
Jæren 13 8 8
Ryfylke 20 8 8
Haugalandet 12 6 6
Samla 53 26 26

Historisk attersyn[endre | endre wikiteksten]

1905–1943: Innføring og vokster[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk skulemål i Rogaland
1945 1975
2000 2016

Fyrste halvlekken av 1900-talet var kjenneteikna av ei kraftig framgang for nynorsk som skulemål i Rogaland. I 1905 vart Suldal det fyrste heradet som tok målet (13 krinsar), medan Mosterøy og Rennesøy fylgde i 1907 (8 krinsar). Ein monaleg auke kom i 1909 med til saman 52 nye nynorskkrinsar i Bjerkreim, Finnøy, Høle, Høyland, Nærbø, Ogna, Sand, Sauda, Sola og Årdal. Året etter tok Fister, Hjelmeland og Talgje etter, såleis at i 1910 hadde 24% av heradskrinsane teke målet. Fram mot 1920 kom nynorsk inn i Sjernarøy (1911), Forsand (1912), Erfjord, Gjestal (1913), Eigersund, Strand, Time (1914), Klepp (1915), Heskestad (1917), Hetland (1918), Avaldsnes, Bokn, Imsland, Nedstrand, Sandeid, Skudenes, Skjold, Skåre, Stangaland, Varhaug, Vats, Vikedal (1919), såleis at innan 1920 hadde 54% av heradskrinsane og om lag 50% av desse elevane nynorsk, i fylket som heile 28%.

I dei to tiåra fram mot andre verdskrigen styrkte nynorsken seg ytterlegare og kom i denne tidsbolken inn i Helleland, Lund, Sokndal (1923), Riska, Torvastad, Tysvær (1930), og til sist Randaberg, Utsira og Åkra (1939). Såleis fekk målet innpass i nær samtlege av herada og i dei aller fleste (42 av 50) som einerådande målform. I 1943 vart toppen for oppslutnad nådd med 91% av heradskrinsane, 80% av desse elevane og 55% av elevane i heile fylket. Det var berre i herada Kvitsøy og Madla, den fyrste ei lita øy ytst i Boknafjorden, den andre ein forstad til Stavanger, der nynorsk ikkje fekk innpass i det heile. Inne i Ryfylke heldt òg bokmålet framleis stand i nokon mon, det er di industristaden Sauda hadde mange innflyttarar. Langt viktigare var likevel at alle dei sju byane i fylket heldt på bokmålet, noko som skulle syne seg avgjerande for målstoda i tida framover.

1943–1975: Kraftig attergang[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste tiåra etter verdskrigen gav ein monaleg attergang for målet i Rogaland, såleis at i 1975 var delen med nynorskelevar minka til 29%. Det var særleg lengst sør i fylket og kring byane Stavanger, Sandnes og Haugesund der bokmålet fekk auka oppslutnad, i denne tidsbolken forsvann nynorsken heilt ut or Sokndal, Helleland og Eigersund i Dalane, Hetland ved Stavanger og Skåre og Utsira ved Haugesund. I andre kommunar som Lund, Sola, Randaberg, Strand, Rennesøy, Tysvær og Karmøy vart målet kraftig svekka, men utan å verta heilt borte. I Ryfylke fekk bokmålet eit nytt bruhovud kring industristaden i Strand, medan den gamle industristaden Sauda var eit heiderleg unntak med monaleg framgang for målet.

1975–2000: Stabilitet[endre | endre wikiteksten]

Dei neste tjue åra synte betre stabilitet for nynorsken i Rogaland. Den stendige attergangen sidan krigen vart snudd, målet fekk jamvel ein mindre auke og kraup noko over 30% fram mot byrjinga av 1990-talet. Den positive tendensen stogga diverre og på dei siste åra frå mot år 2000 sokk oppslutnaden til 28% i heile fylket. Attergangen held fram i sør og kring byane, medan målet held stand på Sør-Jæren og det styrker stillinga i Ryfylke, til dømes i Sauda.

Frå 2000: Mindre attergang[endre | endre wikiteksten]

I årå fram mot 2016 held attergangen fram i dei folkerike områda på Nord-Jæren, Karmøy og Haugalandet, medan nynorsken held stillinga si godt i Ryfylke og på Sør-Jæren. Målet er heilt ute or Lund og Randaberg, mesta det same i Haugesund, Stavanger og Sandnes. Andre kommunar med stor attergang er Klepp, Rennesøy, Sola og Tysvær, medan det ei mindre attergang i Sauda. På Karmøy og i Strand er stoda uvanleg stabil, kring 25% og drøye 50% nynorsk heilt sidan 1975. I heile fylket har noko under ein av fire elevar nynorsk som hovudmål.

Målrøystingar og målbyte[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1965 har det vore til saman 53 målrøystingar i Rogaland: Eigersund (3), Gjesdal (5), Hå (1), Karmøy (8), Klepp (1), Lund (3), Randaberg (2), Rennesøy (11), Sandnes (5), Sauda (2), Sola (6), Time (1) og Tysvær (5), og av dei har nynorsken vunne 23. Den seinaste målrøystinga var i Høle krins i Sandnes i 2017 og gav eit monaleg fleirtal for nynorsken.

I desse åra har totalt 25 krinsar bytt til bokmål. Ein av desse var Sviland som etter berre eit år med bokmål gjekk attende til nynorsk i 2001.

Samanfatning[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk i distrikta i Rogaland
Distrikt* 1945 1975 2000 2016
Dalane1 56,4% 4,1% 2,5% 0%
Sør-Jæren2 97,4% 94,8% 94,6% 93,9%
Nord-Jæren3 60,4% 49,3% 38,1% 28,9%
Ryfylke4 91,2% 91,7% 97,6% 95,2%
Haugalandet5 99,6% 30,5% 33,8% 25,3%
Byane6 0% 3,2% 5,7% 0,9%
Rogaland 54,3% 29,3% 28,3% 23,0%
*Inndelinga er tilpassa noko etter målstoda:
1Sokndal og Lund. 2Bjerkreim, Nærbø og Time.
3Gjesdal, Klepp, Sola, Randaberg, Rennesøy, Kvitsøy, Strand.
4Med Bokn og Vindafjord, utan Kvitsøy, Rennesøy og Strand.
5Tysvær, Karmøy og Utsira. 6Haugesund, Sandnes og Stavanger.

Målstoda er særs ulik i distrikta i Rogaland. Dei beste tilhøva for nynorsk i fylket er i Ryfylke og på Sør-Jæren. Her held målet seg særs godt, og det er lite som tydar på at den mesta einerådane stillinga vil endra seg i desse distrikta. På andre sida er Dalane, der nynorsk er heilt ute og stoda er mesta sameleis i og kring byane, i desse delane ser ein korleis målet har hatt stor attergang i randsona mot bokmålet i dei opphavlege byane (føre 1960-talet).

Store endringar finn ein òg på Nord-Jæren der målet har kraftig attergang og på Haugalandet der det tapar seg monaleg. I desse kommunane skuldast det òg påverknaden frå byane, noko som plar vere eit dårleg teikn for framtida til målet. Held denne utviklinga fram er det diverre mogleg at nynorsken er mesta ute av desse distrikta innan eit tiår eller to.

To interessante døme er dei to industristadane i Ryfylke, medan nynorsken hadde drive bokmålet mesta heilt heilt ut or Sauda kring år 2000, har dei to måla vore om lag jambyrdige i Strand. For Sauda var det ikkje noko som tydde på at bokmålet skulle kome attende av di innflyttinga er for lita og staden ligg for langt unna bokmålsområda til å verte påverka, men her er det som nemnd ei ny attergang dei seinaste åra. I Strand er nok stoda meir utsett, sjølv om nynorsken har stendig framgang sidan midt på 80-talet. Strand har ei heilt anna folketalsutvekling og staden ligg tett opp mot Stavanger. Om få år vert tunnelsambandet Ryfast opna og Strand vert liggande ein kort køyretur frå Stavanger. Vert dette ein forstad til storbyen tyder diverre røynslene frå andre stader at nynorsken vil verta svekka på noko sikt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]